Hordaland inspirerer til lokal samfunnsutvikling

Å sjå og høyre kva andre gjer, fremjer læring i eige utviklingsarbeid. I Hordaland er dette utgangspunkt for ei satsing på til saman fire regionale inspirasjons- og erfaringskonferansar.

Med midlar frå den nasjonale satsinga på lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) har partnarskapen i Hordaland styrka innsatsen, bl.a med tilbod om regionale inspirasjonskonferansar. I løpet av våren og hausten 2014 får alle kommunane tilbod om regionale samlingar, lagt til ulike vertskommunar i fylket.

– Ei bevisst satsing på læring mellom kommunar og til regionane, seier LUK-koordinator i Hordaland fylkeskommune, Jorun Gjørwad. Ho viser til den klare målsettinga om at arbeidet med lokal samfunnsutvikling ikkje skal stogge opp når den nasjonale satsinga avsluttar.
– Det handlar om å finne nye rammer for arbeidet, bl.a gjennom regionane, seier ho.

Nordhordland til Austevoll

Den første samlinga blei nyleg gjennomført i Austevoll. Her møttes ordførarar, rådmenn, samfunnsplanleggarar og næringsutviklarar frå åtte kommunar i Nordhordland. Fokus: Inspirasjon til lokal samfunnsutvikling. Gjennom synfaringar, orienteringar og arbeid i grupper fekk deltakarane rikt påfyll og høve til refleksjon over eigen praksis.

Så er det heller ikkje tilfeldig at Austevoll var valgt som vertsskap. Kommunen har gjennom fleire år jobba systematisk med lokalt utviklingsarbeid, i tett samarbeid med innbyggjarane, lag og organisasjonar, og lokalt næringsliv. Prøvebustader, tettstadutvikling, kulturaktivitetar og utvikling av nye næringsareal er gode døme.

Motivere til å lære av andre, og av eigne suksessar

Dette ønskjer Hordaland fylkeskommune og partnarskapen å få til:

«Kommunane skal bli meir motiverte og få kunnskapsmessig påfyll til å fortsette og vidareutvikle seg i rolla som samfunnsutviklar. Dei skal og bli dyktigare til å lære av sine eigne suksessar og ikkje minst til å formidle desse suksessane til andre.

Nokre kommunar har kome langt i å prioritere det politiske og administrative arbeidet med samfunnsutvikling. Dei må kunne vise til praktiske, interessante døme som er relevante for andre og vere villige til å formidle desse til inspirasjon for andre kommunar. Dei må ha vilje til å prioritere fortsett utvikling.»

Fire regionale samlingar om felles tema og læring

Samlinga i Austevoll er ei av til saman fire slike møter. I juni er Kvinnherad vertsskap for kommunane i Midthordland/Sotra, medan Os får besøk av Sunnhordland i september. Det heile blir avrunda i oktober, når Hardanger fer til Voss.

«Når vi avsluttar i oktober håpar vi å kunne sjå tilbake på gode samlingar, som har bidrege til at kommunane styrkjer seg i rolla som lokal samfunnsutviklar, med godt utviklingsarbeid som resultat,» seier LUK-koordinatoren.