Fagområde: Omdømme
Ungdom er med å forme framtidas Skaland: Frå inspirasjonsseminar i mobiliseringsprosjektet "God, nær og raus". (Foto: Liz Eva Tøllefsen)
Ungdom er med å forme framtidas Skaland: Frå inspirasjonsseminar i mobiliseringsprosjektet «God, nær og raus». (Foto: Liz Eva Tøllefsen)

«God, nær og raus» på Senja

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

«God, nær og raus” er eit tre-årig mobiliseringsprosjekt for å utvikle små kystsamfunn på Senja.

”Prosjektet skal bidra til nyskaping, samarbeid og omdømmebygging i Berg kommune” og er forankra i nærings- og utviklingsstrategien til kommunen”, seier prosjektleiar, Wenche Pedersen.

Mobilisering og medverknad

Kommunen har gjennom fleire år arbeidd med utviklingsprosjekt med det overordna målet å snu ei negativ folketalsutvikling. Og sjølv om ”God, nær og raus” er godt forankra i kommunen med prosjektleiar tilsett i næringsavdelinga, er medverknad frå næringsliv og folk flest ein viktig bærebjelke. Berg næringsforum er medeigar i prosjektet og sit bl.a i styringsgruppa saman med kommunen. Fleire arbeidsgrupper, med representantar frå bygdelag, bedrifter og interesseorganisasjonar, er i sving. Desse har sjølve styringa på både planlegging, økonomi, mobiliering og gjennomføring av tiltak.

Inspirasjon frå andre

Tidleg i prosjektet blei det gjennomført opne visjonsmøter, og fleire tiltak og arbeidsgrupper kom til som resultat av desse. ”I denne fasen spelte vi ikkje berre på eigne krefter, men søkte inspirasjon og tips frå kommunar rundt oss”, fortel Wenche Pedersen og nemner Dyrøyseminarsenteret som støttespelar. Wenche Pedersen fortel vidare om ein kommune som har gode erfaringar med å mobilisere lokalsamfunna til å ta tak i eiga utvikling. ”Folk har gjennom fleire år vore flinke til å stille opp og til å medverke i idedugnader, visjonsmøter og verkstader for bygda si”, seier Pedersen.

”Prosjekttrøtte”?

Likevel er det også ei grense for det lokale engasjementet: ” Kanskje er folk litt ”prosjekttrøtte”? spør ho. ”Det har vore gjenomført fleire mobiliseringsprosjekt før ”God – nær og raus” utover 90-talet, og folk flest sit kan hende med ei kjensle av at lite kom ut av det, utan at det dermed er riktig. Det er ikkje alle resultat ein oppnår som er like tydelege å sjå, men det betyr ikke at ein ikkje har oppnådd noko”, seier ho.

Pedersen sler også fast at faren for ”prosjekttrøttheit” er ein viktig grunn til å ha betalte ressursar i prosjektleinga. Ho er sjølv prosjektleiar på halv tid og ein prosjektkoordinator er no tilsett i heil stilling dei siste 10-12 månadane av prosjektperioden. ”Betalte ressursar sikrar framdrift og heilskap i prosjekta”, seier ho. Hennar erfaring er at den breie mobiliseringa er enklast å få til i starten av eit arbeid. Når det kjem til gjennomføring, må ein gjerne satse meir på å velje ut nokre personar som er med og dra lasset. ” Og det er utrulege ressursar som kan hentast ut, når folk får lov til å jobbe konkret med noko dei brenn for”, seier prosjektleiaren.

”Og: så trur eg det er særs viktig at ein lagar ein god prosjektplan før ein går i gang. Måla kan gjerne vera store og hårete, men dei bør vera konkrete og gjenomførbare. Vi hadde eit litt for sprikande utgangspunkt, og har brukt mykje tid på å ”snevre inn” til noko vi faktisk kan klare”, seier Pedersen og kjem med ei bøn til dei som lyser ut midlar til mobiliseringsprosjekt og liknande: ”Gje meir tid til å lage ein god prosjektplan når de skal vurdere kor lang søknadsfrist det skal vere. Då misser ein ikkje mykje verdifull tid i starten av prosjekta med at planen først vert laga då”.

Satsar på stadutvikling

Stadutvikling er eitt av fokusområda i kommunen, med planar for ungdomsleilegheiter i Senjahopen og marina, bergverksmuseum, naturstiar og turområde på Skaland. Utvikling av turområde skjer også i Mefjordvær, med opparbeiding av kultur- og naturstiar.

”No arbeider vi også med å lage ein estetisk handlingsplan for kommunen”, seier prosjektleiaren. Planen er forankra både politisk/administrativt og hjå lag og foreningar og næringslivet i kommunen. ”Vi vil ha ei heilskapleg handsaming av korleis kommunen framstår reint estetisk, for både oss som bur her og for besøkjande. Dette er eit ledd i vårt arbeid med å skape eit positivt omdømme.”, seier ho.

Nyttig med programdeltaking

Kommunen kom med i småsamfunnssatsinga til KRD i 2007 og har finansiering frå departement, Troms fylkeskommune og Berg kommune. Prosjektet er planlagt avslutta i 2010. Men ting tek tid og der står framleis eit stykke arbeid att. Pedersen ser likevel fleire fordeler med å vere del av slike satsingar. Pengar er sjølvsagt det eine. Men også det fokuset det er med på å gje utviklingsarbeidet. Ei haldning i kommune og lokalsamfunn at det har betydning. ”Det er viktig i eit lengre perspektiv”, understrekar prosjektleiaren for ”God, nær og raus” på Senja.

Mer informasjon

Berg kommune ligg på Senja, ved kysten i Midt Troms. Fiskeri, reiseliv og bergverksdrift er saman med offentleg tenesteyting viktige næringar i kommunen. Konjunkturar og marknadsforhold innanfor spesielt fiskeri og bergverk gjer kommunen sårbar for endringar. Kommunen slit med fråflytting og folketalet går nedover. Pr. jan 2009 hadde kommunen 942 innbyggarar.

Om prosjektet

«God, nær og raus» – et småsamfunnsprosjekt for utvikling av små kystsamfunn på Senja i Berg kommune. Kommunen kom med i KRD si småsamfunnssatsing, i 2007. Prosjektet er planlagt avslutta mot slutten av 2010. Eit overordna mål er å auke folketalet og etablere nye arbeidsplassar.

Wenche Pedersen, prosjektleiar og leiar for næring og utvikling, Berg kommune, tlf: 77859023

Epost: [email protected]

Stikkord:
Steder: