Fagområde: Næringsutvikling

Dyrøy tek sats – heilt staduavhengig

Med prosjektet «Staduavhengige arbeidsplassar» har Dyrøy kommune sidan 2009 sett staduavhengig tenking i system.

Halvegs i prosjektperioden erfarer Dyrøysamfunnet allereie fleire resultat. Mellom anna nytenking om kva som er mogeleg å få til.

– «Stedsuavhengig» er nærmest blitt et hverdagsord for dyrøyværinger, seier prosjektleiar Ulrike Naumann og gler seg over ei sterkare «moglegheitstenking» både i kommuneorganisasjonen og hjå folk flest i Dyrøy. Det er vesentleg for prosjektet som utnyttar den digitale motorvegen for at fleire skal kunne bu og arbeide der dei ønskjer.

Samverkande og forsterkande

At nytenkinga og utviklingskrafta kjem eine og åleine som følgje av prosjektet, kan ikkje seiast. Det veit dei ansvarlege i Dyrøyseminarsenteret, som er opptekne av samverkande og forsterkande gevinstar i eit løpande utviklingsarbeid.

Forventninga om at prosjektet skal bere konkrete frukter er også tilstades.

– Dei første åra arbeidde vi mykje med å synleggjere moglegheitene i staduavhengig tenking, og med å gjere kommune og lokalsamfunn betre i stand til å ta desse i bruk. I 2012 har vi teke sats og er no undervegs med å omsette erfaringa og kunnskapen til konkrete tiltak og handlingar, seier prosjektleiar Ulrike Naumann.

Saman med Marit Alvig Espenes, dagleg leiar i Dyrøyseminarsenteret, har ho nyleg oppsummert status overfor Kommunal- og regionaldepartementet. Departementet bidreg med Bulyst-midlar til arbeidet.

Så kva erfaringar sit ein med i prosjektet so langt? Kva resultat og gevinstar synast å ligge att hjå kommune og lokalsamfunn? Under følgjer nokre overskrifter med utfyllande kommentarar frå dei to bak prosjektet.

Stor interesse for den staduavhengige tenkinga

– Vi erfarer at tanken om at ein kan få til utvikling, drive kompetanseheving (studiar/læring) og etablere arbeidsplassar, uavhengig av geografiske utfordringar og begrensningar, appellerar til svært mange. Stedsuavhengig-omgrepet utfordrar eit beståande tankesett om «kva som er mogleg hjå oss».

Relevant kunnskapspartner og premissleverandør for nytenking

– Vi vert i aukende grad etterspurte som rådgjevar og sparringpartnar på alle nivå og i ulike miljø. Vi ser av forespurnadane om foredrag at tankegangen er etterspurd også utanfor landegrensene.

Vi er óg eit interessant forskningsobjekt. Blant dei siste foredraga har tilhøyrarane vore så ulike som master- og PhD-studenter i faget Web Science ved University of Southampton, Leader Gotland (i regi av Distriktssenteret) og omstillingskommunar (i regi av Innovasjon Norge). Vi deltek også i diskusjon og debatt om teorier og språkbruk rundt stadsuavhengigheit/fjernarbeid/desentralisering.

Relevant aktør overfor beslutningstakere

– Ja, kommunen oppfattast som relevant aktør og premissleverandør i ulike miljøe: Vi vert inviterte til å gje innspel på alt fra kystnæringskonferansar til lokale matprodusentar. Vi opplever at det er måten vi jobbar med å bruke «moglegheitsperspektivet» i konkret samfunnsutvikling som er kjerna i det andre ønskjer å hente ut frå våre erfaringar.

Prosjektet og tilbodet bidreg til endring i arbeidsmåtar

– Ja, og med gevinstar både for den enkelte og for lokalsamfunnet: Stadsuavhengig arbeid, om det er kvar dag, eller i periodar, gir den enkelte auka moglegheiter til til dømes meir samvære med familien og tilstedeværelse i lokalsamfunnet. Dermed kan ein også bidra meir.

– Vi erfarer også at prosjektet bidreg til endring i haldningar til og arbeidsmåtar for fjernarbeid. Til dømes vert vi brukte som samtalepartnar for dei som skal i gang med dialog med arbeidsgivar. Arbeidstakarane har eit ønske om å minimere arbeidsgjevars «frykt», og ber om råd og innspel på modellar. Då fungerar vi som eit «Kompetansesenter for stadsuavhengig arbeid».

Infrastruktur for staduavhengig jobbing etterspurt også av deltidsinnbyggarar

– I 2012 åpna vi kontorhotellet, som tilbyr kontorplasser, arbeidsfellesskap og tilrettelegg digital infrastruktur mellom anna med ulike tilbud av videostudio. I første halvdel av 2012 har vi hatt vekst, først og fremst blant studentar. Dette er både unge og vaksne som følgjer deltidsstudiar, eller deltek i omskulering eller videreutdanning. Vi ser at kontorhotellet stimulerer folk til å gjennomføra kompetanseheving, noko som er svært verdifullt. I tillegg bidreg det til opplæring i å tenke stadsuavhengig hjå de kommande generasjonar arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. Vi trur at denne effekten vil vare i mange år.

Fleire lokale gevinstar av at infrastukturen blir lagt til rette

  • Også næringslivet har fått et breiare og meir fleksibelt tilbod med Kontorhotellet. Tilbodet blir gjeve til fleire typar målgrupper enn eit tradisjonelt næringshagetilbud kan. Det styrker mangfaldet og kreativiteten i miljøet.
  • Nettstaden stedsuavhengig.no tilbyr forum, bookingsystem og aktiv informasjons- og erfaringsdeling.
  • Auka medvit, kunnskap om og bruk av digitale verktøy i kommunal verksemd (helse, skule), og i nærings- og kulturliv.
  • Knoppskyting mellom anna gjennom velferdsteknologiprosjektet ”Hjemme og trygg i Troms»
  • Indikasjonar på sammenhengar mellom tilrettelagt infrastruktur for stadsuavhengig jobbing, rekrutterings/tilflyttingsarbeid og faktisk tilflytting’
  • Opplæring av ungar og ungdom til å tenke stadsuavhengig (tenke «moglegheit»)

Dyrøy 2014

Vel to år før prosjektet skal avsluttast, oppsummerer Dyrøy allereie fleire resultat i kommune og lokalsamfunn. Målet er varige gevinstar utover prosjektperioden. Gjerne også staduavhengige.