Fagområde: Omdømme Stedsutvikling

Dugnadsgjeng bak Førde framover

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Våren 2007 reiste ei gruppe med førdianarar til Drammen for å lære og å bli inspirert til å utvikle sin eigen by vidare. Resultatet kan vere til inspirasjon for by og bygd over heile landet.

Sterkt inspirert etter turen arrangerte dei folkemøte, og dugnadsprosjektet «Førde Framover» vart etablert. Hovudgruppa er delt opp i tre arbeidsgrupper som konsentrerer seg om tema som byforming, visjon og omdøme.

Attraktiv og triveleg by

– Målet er å mobilisere innbyggjarane til å gjere Førde til ein endå meir attraktiv og triveleg by å bu i, å kome til og ikkje minst etablere seg i, seier prosjektkoordinator Anne Mette Hjelle.

Eit slikt dugnadsprosjekt byr på mange utfordringar, mellom anna eit godt samarbeid med og støtte frå politikarar, som bruker mykje tid på møte- og papirarbeid for å få til ei utvikling i ein kommune. Dette var dei involverte klar over, og bad difor om eit møte med formannskapet i byen.

Omdøme kan ikkje vedtakast

Formannskapet ser svært positivt på entusiasmen som har vakse fram hjå innbyggjarane. Ei fri gruppering som Førde Framover blir sett på som eit nyttig bidrag i det samla arbeidet med omdømebygging i Førde.

– Omdøme kan ikkje vedtakast, men gjennom medvite arbeid på mange plan skal vi saman skape vårt omdøme, seier ordførar Nils Gjerland og understrekar at politikarane i formannskapet ser på prosjektet som eit flott tiltak. – Det syner at innbyggjarane i Førde bryr seg om sitt eige samfunn.

Kartlegg og engasjér

– Det er viktig å engasjere folk, og ikkje minst kartleggje ressursane som alt finst i byen. Ein laurdag i januar var alle gruppene samla for å jakte på visjonar for Førde. Vi har fått mange visjonsbrev laga av elevar på barneskulen. Dei boblar over av framtidshåp, seier Hjelle som har stor tru på at dette breie dugnadsprosjektet skal løfte omdøme til Førde mange hakk oppover i tida framover. Rett og slett gjere Førde til ein endå betre stad for alle.

Samarbeider med andre i regionen

Både Høyanger og Florø i Sogn og Fjordane har starta liknande prosjekt. Hjelle ser ikkje på det som nokon konkurranse. – Dess fleire som tek tak for å utvikle heimstaden, dess betre, meiner ho som også ser vidare enn sjølve byen. Deler av prosjektet inneber samarbeid med andre i regionen.

Deltakarane blir imponert og overraska når dei ser det endelege resultatet etter visjonsarbeidet – i form av ei mengde med fargerike lappar festa til veggavisa. Resultatet vil etter kvart nå ut til folk gjennom heimesida.