Fagområde: Omdømme

Det gode liv i Sokndal

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Sokndal blei, som den fyrste kommunen i Norden, teken opp i den internasjonale rørsla Cittaslow hausten 2003. Det vart startsskotet for eit systematisk omdømme- og identitetsbyggingsarbeid.

Livskvalitet, lokal identitet og gjestfridom er hovudmåla i Cittaslow. I tillegg har lokale produkt og kulturarrangement vore viktige element i Sokndal kommune i Rogaland si offensive satsing på identitets- og omdømmebygging.

Vart noko meir

– Me var omstillingskommune frå 1996 til 2003. Me var på leit etter gode måtar å visa bilete frå kommunen vår på, fortel Nils Jacobsen i Sokndal kommune. Det som i utgangspunktet var ei jakt etter profileringsmåtar vart noko langt meir.

– Det handlar både om presentasjon utetter, god omtale i media og om å bygga opp stoltheit og identitet. Ikkje minst handlar det om å trekkja besøkjande til bygda, og å skapa nye arbeidsplassar og få folk til å flytta hit, fortel Nils Jacobsen.

Tøffe kvalitetskrav

I alt 55 kriterium må oppfyllast for å vera medlem i rørsla Cittaslow. Kriteria gjeld både miljøpolitikk, stadsplanlegging, lokal produksjon og gjestfridom. – Kriteria for å bli med i Cittaslow passa oss svært godt, fortel Jacobsen. Arbeidet for å oppfylla kriteria skikkeleg går føre seg heile tida.

– Me har jobba spesielt mykje med gjestfridom, og arrangert kurs for bedrifter. Under Kjærligheitsuka deler me årleg ut ein servicepris. Folk skal få litt meir her enn dei får andre plassar. Av lokale produkt er tøflar, vesker, klesplagg, sau og villsau, pinnekjøt, spekemat, syltetøy og snop dei viktigaste eksempla. Kulturhotellet her brukar lokale råvarer i sine menyar, det gjeld særleg sau og laks, fortel han.

I dag er det 98 kommunar som er medlemmer av Cittaslow i 14 land. Forutan Sokndal, er også Levanger og Eidskog medlemmar frå Noreg. – Me held for tida på med etablering av eit nordisk nettverk innan Cittaslow, fortel Nils Jacobsen.

Attraksjonar, profilering og auka turisttrafikk

Det har vorte sett i gang ei rekkje profileringstiltak, som bilete, eiga bok og Soknda-video. Men Sokndal er meir enn profilering. Sogndalstrand er eit freda kulturminne med trehusbygg fra 1700-talet. Jøssingfjord er ikkje minst kjent frå andre verdskrigen gjennom Alltmarkhendinga. Det har også funne stad fleire store kulturarrangement.

– Folk som kjem er nøgde og kjem tilbake, og me har også hatt god mediedekning. Me merkar ei auka merksemd om kommunen og området, seier Jacobsen, som trur noko av det skuldast arbeidet med Cittaslow.

Få med alle

– Er det noko de skulle gjort annleis eller betre?

– Det er ikkje så enkelt å få med alle, det er eit langsiktig arbeid. Dei som driv med næring er veldig positive. Me har gjort litt med skulen, me må framleis jobba hardt for å få med flest mogleg. Målet er å få med alle – både unge og gamle, seier Nils Jacobsen. Han listar opp mobiliserande prosessar som er gjennomførte.

– Me har gravlagt jantelova. Den kviler under ein gravstein som folk i bygda la ned saman. Under bygdedagane i mai – Sokndalsdagane – trampar me på gravsteinen for å halde den nede. Cittaslow Sokndal har gjennomført ein konkurranse der lag og foreiningar og organisasjonar vart oppmoda til å koma med framlegg til prosjekt dei vil ha gjennomført gjennom Cittaslow. Kjærleiksveka er eit anna eksempel på eit mobiliserande og involverande tiltak.

Folketalet på rett veg att

– Verkar alt dette, kjem folk til kommunen?

– Folketalsutviklinga har dei siste åra vore negativ. Så langt i år er nedgangen snudd til ei mindre auke i folketalet, noko me håpar vil halde fram. Talet på nyfødde hadde i fjor ei betydeleg auke, noko som også vil skje i år. Talet på besøkande aukar, det same gjer interessa for å etablere nye arbeidsplassar. Me opplever at stoltheita og identiteten er styrka, konkluderer Nils Jacobsen.

– Me har gravlagt jantelova. Den kviler under ein gravstein som folk i bygda la ned saman. Under bygdedagane i mai trampar me på gravsteinen for å halde den nede, seier Jacobsen.