Kommunane er avhengige av arbeidsinnvandring, men bryr seg for lite

Næringsbarometeret syner at Sogn og Fjordane manglar arbeidskraft. Redninga er arbeidsinnvandring. For at desse folka skal bli buande i fylket må, både offentlege og private aktørar få augo opp for ressursen dei representerer.

Kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arve Sandal, har heilt rett når han meiner at arbeidsinnvandring set både næringsliv og det offentlege på prøve. Sandal får støtte av NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. Han meiner arbeidsinnvandring er føresetnaden for vidare utvikling av fylket.

Få kommunar har skjønt alvoret

Distriktssenteret erfarer at svært få kommunar tek på alvor at samansetninga av menneske i alle delar av landet er under store endringar. Sjølv om enkeltbedrifter og ein del kommunar gjer ein god jobb for å inkludere innvandrarar, finn vi svært få eksempel på at kommunane verkeleg har skjønt utfordringa. For å lukkast med å tiltrekke seg og behalde rett og nok kompetanse, må både offentleg og privat næringsliv setje inkluderingsarbeid på dagsorden. Dette gjeld også i resten av samfunnslivet.

Etterlyser plan for inkludering

Sandal etterlyser ein eigen fylkesplan for arbeidsinnvandring og kommuneplanar som sikrar innvandrarar skikkelege buforhold, gode oppvekstvilkår og møteplassar for etnisk norske og våre nye landsmenn. Distriktssenteret har til gode å sjå ein fylkesplan eller ein kommuneplan som er gjennomsyra av ein heilskapleg strategi for korleis dei skal lukkast med å inkludere tilflyttarar generelt og innvandrarar spesielt. I den siste gruppa finn ein både arbeidsinnvandrarar frå andre land i Europa og flyktningar frå andre deler av verda. Dette er to ulike grupper som blir tekne imot på ulike måtar; men som har til felles at dei ønskjer å bli sett og inkludert.

Innvandrarane sine eigne stemmer

I rapporten Derfor blir vi her – innvandrere i Distrikts-Norge, fortel innvandrarane sjølv kvifor dei blir buande i eit lokalsamfunn. Studien er utført av Norsk Institutt for by – og regionforskning (NIBR) på oppdrag frå Distriktssenteret og Integrerings- og Mangfoldsdirektoratet (IMDi). Rapporten understrekar at tryggleik, gode oppvekstvilkår, lite stress og vakker natur er attraktive eigenskapar som innvandrarar – til liks med norske – legg vekt på. Studien avdekkar samstundes at mykje kan gjerast for å styrke mulegheita for at innvandrarar vel å bli verande i ein distriktskommune.

Bustad er ein nøkkelfaktor

Innvandrarar ønskjer å eige eigen bustad, noko som ofte kan vere inngangsporten til å bli inkludert i lokalsamfunnet. Gode butilhøve er ein nøkkelfaktor. Men korleis bur våre internasjonale tilflyttarar? Rapporten Møte mellom internasjonalt arbeidsmarked og nasjonalt boligmarked (NIBR, FAFO) seier noko om den generelle situasjonen for arbeidsinnvandrarar i landet under eitt: Brakkeriggar, campingplassar og enkle bufellesskap er stort sett tilbodet til nytilsette og leigearbeidarar på mellombelse arbeidskontraktar. Blir dei verande utover ein slik første periode, vil dei fleste søkje bufellesskap med betre standard og privat leige. Neste steg i bustadkarrieren skjer ved familiegjenforeining, med flytting til leigde leilegheiter. Seinare også kjøp av eigen bustad, gjerne oppussingsobjekt i utkantstrok.

Frå brakkebygd til permanent bustad

Utfordringa mange stader i dag, er at det ikkje er reelle mulegheiter for å ta stega over frå ”brakkebygda” og til gode gjennomgangs- og leigebustader. Mange stader er slike tilbod fråverande. Det er då vanskeleg å skape tru på og ønskje om meir varig busetting for arbeidsinnvandrarane og eventuelt familie.

Fiskeri- og havbrukskommunen Herøy i Nordland har erfaringar på dette området. Dei hadde arbeidsplassar, men mangla hus. Meir varig busetting og folketalsvekst fekk kommunen først då dei starta ei målretta satsing på bustadutvikling, systematisk kompetansekartlegging og integreringstiltak. Ei slik utvikling kjem ikkje av seg sjølv. Det set krav til tett samarbeid mellom kommune og lokalt næringsliv. Både i sjølve bustadutviklinga, men også i å legge til rette for gode språkopplæringstilbod og tilrettelagd informasjon om rettar og vilkår ved bustadkjøp. Rapporten frå NIBR og FAFO syner at slik tilrettelegging er avgjerande.

Erfaringa frå Herøy er at bustadtilbodet var ein flaskehals, men er no blitt eit fortrinn i kampen om arbeidskrafta. God folketalsvekst og sysselsetting er gevinsten. Rapporten Derfor blir vi understøttar behovet for eit sterkt fokus på bustad, då innvandrarane sjølve også opplever at lokalsamfunnet ser og anerkjenner dei i sterkare grad, når bustadtilhøva er av meir permanent karakter.

Manglar tilknyting til staden

Rapporten Derfor blir vi her understrekar at spesielt flyktningar og arbeidsinnvandrarar føler liten tilhøyrsle til staden dei flytter til. Det er difor avgjerande korleis desse innvandrarane blir møtt når dei buset seg på ein ny stad. Dersom kommunen og det lokale næringslivet ønskjer at innvandrarar skal bli buande, må dei arbeide for å skape tilhøyrsle til staden.

Lag og organisasjonar har ein viktig plass i lokalsamfunnet, og dei har mykje å hente på å vere opne, inkluderande og skape nye formelle og uformelle møteplassar.

Openheit og tillit gir suksess

Distriktssenteret lanserte nyleg studien Suksessrike distriktskommuner. Kommunar som jobbar aktivt med inkluderingstiltak og legg til rette for familiane til arbeidsinnvandrarane, er dei mest suksessrike kommunane når det gjeld utvikling i lokalt næringsliv og vekst i busetting. Kjenneteikna til desse kommunane er openheit og tillit. Ingen av kommunane i Sogn og Fjordane var å finne på denne lista.