Valdres natur- og kulturpark er Norges eldste natur- og kulturpark, skipa i 2007 av dei seks kommunane i Valdres.
Fleire hytter enn hus
Valdres er ein av dei største hytteregionane i landet med fleire hytter enn bufaste. Ein betydeleg del av varehandelen vert generert av hyttefolket. Det er eit betydeleg potensiale for å auka marknadsandelane i varehandel, bygg- og servicenæringa ved å fortette hyttefelt, legge til rette for standardauke og betre tilrettelegginga av stiar, løyper og aktivitetstilbud.
Prosjektet har ambisiøse mål
- Valdres skal auke verdiskapinga av fritidshusressursen med 25 prosent i løpet av fem år.
- Valdres skal verte leiande innan service, infrastruktur og involvering ovanfor hytteeigarane.
- Valdres skal være den mest søkte hytteregionen i innlandet.
Kommunikasjon med målgruppa er eit av dei viktigaste tiltaka og det er planlagd ein nettportal for hyttefolket. Vidare er prosjektet delt inn i fire satsingar.
Felles hyttepolitikk
Alle kommunane i Valdres må framstå med felles haldningar, redskap og forvaltningspraksis. Samordning av informasjon og nettsider retta mot hytteeigarar, tilrettelegging av infrastruktur og felles haldning til fellesgoder og finansiering av desse er mellom tiltaka som er planlagde.
Produkt- og marknadsutvikling
Det skal leggast til rette for at næringslivet skal kunne auke si verdiskaping basert på hyttemarknaden gjennom fokus på marknadskanalar, service og produktpakking.
Hytteeigaren som ressurs
Dei fleste hytteeigarar er stolte av bygda dei har hytte i og føler tilhørighet til lokalsamfunnet. Ved å identifisere dei som har lyst og overskot til å bidra lokalt kan ein få tilgang på kompetanse, nettverk og kapital.
Hytteeigaren som innbyggar
Kva konsekvens vil det ha å tilby hytteeigaren å gjere hytta til ”sidestilt bustad”, i staden for sekundær bustad. I samarbeid med Oppland fylkeskommune, KS og forskingsmiljø vil ein lage eit forskingsprosjekt og konsekvensutgreiing av ei slik utvikling.
Dette er eit av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).