Ungdom med eige Bulyst-kontor

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

I Lærdal er det ungdomane sjølv som styrer. Dei fekk bulystmidlar av Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) i 2011. Prosjektet heiter ”Kulturbasert entreprenørskap – for, av og med ungdomen!”

– Har du innspel til prosjektgruppa så besøk oss gjerne på vårt prosjektkontor. Vi har ope kvar torsdag frå kl 16 – 21, var meldinga frå prosjektet sin unge leiar, Helge Evensen Bjøkrum.

Avsparkkonferanse

Den 8. desember 2011 var det avsparkkonferanse i Lærdal for bulystprosjektet ”Kulturbasert entreprenørskap – for, av og med ungdomen!” Nærare 100 deltok, og det var utan tvil ungdomane sin kveld. Dresskledd og pynta ungdom tok stolt i mot gjestene sine. Dei leia konferansen, holdt foredrag, las dikt og song. I alt dei gjorde, var der ein stolheit over heimkommunen Lærdal, og eit sterkt engasjement for å bidra til å utvikle lokalsamfunnet framover.

Ungdom med eige Bulyst-kontor: F.v. Anna Gjesdal, Maritha Tønjum Skjerdal, Helge Evensen Bjørkum, Stian Offerdal Vatlestad og Aurora Hellandsjø Lysne. (Foto: Distriktssenteret)

Ungdom med eige Bulyst-kontor: F.v. Anna Gjesdal, Maritha Tønjum Skjerdal, Helge Evensen Bjørkum, Stian Offerdal Vatlestad og Aurora Hellandsjø Lysne. (Foto: Distriktssenteret)

Aktivt ungdomsråd

Lærdal ungdomsråd er svært aktive, og  har mange tankar om kva som er viktig for at ungdom skal trivast og ville bu i kommunen i framtida. Like før påske i 2011 fekk dei tips om bulystmidlar som Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) deler ut, og at ungdom var ei prioritert målgruppe. Så påskeferien 2011 brukte ungdomsrådet i Lærdal på å skrive prosjektsøknad til KRD! Tiltak dei ønskjer å gjennomføre grupperte og samla dei i målretta utviklingsarbeid innanfor dei tre A’ane: Arbeid, Arranngement og Attraktivitet. Oktober 2011 kom meldinga frå KRD om at prosjektet fekk tildelt bulystmidlar.

På avsparkkonferansen deltok svenske Hultsfredsrebellen Putte Svensson. Han holdt eit energisk foredrag om det å ta vare på kreativiteten som dei unge har. Om drømmer, drivkraft, nytenking og utvikling. I lag med Putte og dei andre som var hyra inn denne festkvelden(Sogn og Fjordane fylkeskommune, VAKN og Distriktssenteret), var samtlege imponert over dei unge i Lærdal. Prosjektsøknaden deira viser overraskande god kompetanse på lokalt utviklingsarbeid. Det var  imponerande å vere tilstades og oppleve eigarskapen ungdomen hadde til utviklingsprosjektet sitt. Dei har teke utgangspunkt i det særeigne med Lærdal, peika på gode stadkvalitetar, og har dette med som grunnlag når dei planlegg utviklingstiltak. Med stoltheit snakka dei om jordeple (lokalt namn på potet) og jordeplerock (planlagt festival i 2013), og framførte dikt av lokale diktarar. I tillegg var gåva til foredragshaldarane eit nydeleg kunstbilete frå ei ung jente i Lærdal.

Ungdom får ta styringa

Bulystprosjektet i Lærdal har prosjektperiode ut 2012. Distriktssenteret vil følgje det lokale utviklingsarbeidet med spenning. Det er skrive mykje om korleis ein skal gje ungdom meir medverknad i lokalsamfunnet. I Lærdal virkar det som dei unge blir sett og høyrt, og får ta styring i saker som er viktig for dei. Prosjektgruppa som består av ungdom har eige prosjektkontor, og inviterer alle som har gode idear om å besøke kontoret som har ope kvar torsdag frå kl 16 – 21.

Distriktssenteret ser at aktive ungdom er vinn-vinn for lokalsamfunnet. Dei vaksne støttespelarane si oppgåve er å gje gode råd, men ikkje  ta over styringa. Gje dei tillit og rom til å styre sjølv, slik at dei får bruke kreativiteten, ideane og energien dei har.  Og til ungdomsrådet i Lærdal – inkluder og involver mange. Sørg for å lære opp dei som kjem etter, slik at prosjektet lever vidare etter prosjektperioden. Lokalt utviklingsarbeid er langsiktig arbeid.