Stordal kommune – Møre og Romsdal

Kommunen har stabilisert folketalet, på grunn av innvandring og at dei er ein god kommune å bu i. – Vi som mange andre kommunar, har utfordringar. Vi må leite fram det vi er gode på, og ikkje vere redd for å tenkje nytt, er tonen i kommuneleiinga.

stordal_rosekyrkja. Hallgeir Hove

Stordal kommune er i gang med arbeidet med samfunnsdelen i kommuneplanen. Det har dei ikkje hatt tidlegare.

– Vi ser verdien av planlegging, særleg dersom dette blir noko vesentleg meir enn berre planlaging, seier rådmann Lars Joranger. – Vi skal bli betre på å leie, samordne prosessar og gjere planar til ein del av den daglege drifta.

Utfordringane

Den typiske møbelkommunen Stordal merkar no store utfordringar etter tap av arbeidsplassar dei siste åra. Frå å vere ein kommune med fleire møbelbedrifter enn arbeidsledige, har kommunen i dag den største arbeidsløysa i fylket. Kommunen ser at dei må ta grep for å snu den negative utviklinga og vil ta ei meir tydeleg leiing i både samfunns- og næringsutvikling. Stordal har ein liten administrasjon og utfordringa blir å nytta dei ressursane dei har meir målretta og spissa.

Løysingane

Kommunen har eit godt samarbeid med nabokommunane Norddal og Stranda, mellom anna gjennom ein felles teknisk etat (TSSN).

– Det er behov for å auke kapasiteten i TSSN, då vi har eit stort etterslep av private og kommunale reguleringsplanar, fortel rådmannen.
– Vi har ikkje hatt styringsverktøy som samfunnsdel i kommuneplanen tidlegare. Tradisjonelt har det vore samarbeid mellom kommune, næringsliv og frivillighet. No er næringslivet ikkje i like stor grad i stand til å delta i dette samarbeidet. Saman med samfunnsdel i kommunplanen skal eit nytt vekstkommune- og omstillingsprosjekt  bidra til å snu ei negativ utvikling til noko positiv.

Kompetansesenter for distriktsutvikling meiner

– Samfunnsdelen i ein kommuneplan er eit svært viktig fundament for lokal samfunnsutvikling, seier seniorrådgjevar Marianne Solbakken i Distriktssenteret.

– Det er viktig å gjere dette til ein prosess som mange stordalinger føler dei er ein del av og har eit ansvar for. Det sterke engasjementet i frivillegheita og kommunen sin evne til å snu seg raskt rundt, vil bli avgjerande når planen skal omsetjast til handling og tiltak, seier Solbakken.

Les statusvurderingen fra Stordal.