Fagområde: Samfunnsplanlegging

Mellom bygd og by

I 1972 fekk Fjell ferjefritt samband til Bergen. Sidan har den tidlegare landkommunen stadig vakse seg nærare byen. Korleis planlegge utviklinga for stader som står «med ein fot i kvar leir»?

Ny kommunedelplan for bustadutvikling

Fjell kommune har hatt sterk tilflytting dei siste åra og får årleg omlag 300-400 nye innbyggarar. Kommunen har samstundes høg utflytting, men folketalsframskrivingar og ei rekkje utbyggingsplanar tilseier framleis god vekst. Kommunen har soleis behov for oppdaterte planar som speglar utviklinga, dette er bakgrunnen for arbeidet med ny kommunedelplan.

Både den politiske plattformen og gjeldande handlingsprogram har eit sterkt fokus på bustadutvikling og det er ei politisk målsetting å få til vekst både i kommunesentra og grender. Bustadpolitikken skal no forankrast i kommunedelplan for bustadutvikling, for perioden 2013-2020.

Fjell som attraktiv bustadkommune

I planprogrammet drøftar kommunen føremålet med den nye kommunedelplanen og sler fast at arbeidet skal fokusere på følgjande tema:

  • Utvikling av Fjell som attraktiv bustadkommune
  • Bustadsosiale behov og utfordringar

Kva vil det seie når vekstkommunen Fjell skal utviklast som attraktiv bustadkommune? I planprogrammet set kommunen dette i samanheng med behovet for eit variert og tenleg bustadtilbod og nærmiljø, som reduserer «gjennomtrekk og rotlause» og gjer at tilflyttarar til kommunen trivast og blir buande. Gode kvalitetar i bustader og bumiljø i tettstadene blir løfta fram som ei viktig drøfting.

Samstundes blir det slått fast at det er ei tydeleg politisk målsetting å utvikle livskraftige lokalsamfunn og grendene. Planprogrammet peiker på behovet for å drøfte og avklare kva kvalitetar, funksjon og identitet grendene i øykommunen må ha, for å vere livskraftige også i framtida.

Samarbeidsmøtet, med representantar frå næringslivet, det politiske miljøet, grendelag, organisasjonar og andre, ga fleire innspel til planprosessen. Møtet synte at problemstillingane er svært så samanfallande med diskusjonar i mindre distriktskommunar. Det handlar om behovet for og ei søken etter tilhøyrigheit, stadidentitet og rom for å medverke til utvikling. Og det handlar om arenaer og kultur for at slike kvalitetar og verdiar kan vekse fram.

Dette synast vere aksepterte faktorar for livskraftige lokalsamfunn, uavhengig om ein drøymer om ei framtidig by- eller bygdeutvikling i øykommunen, og uavhengig om folketalsutviklinga peikar oppover eller nedover.

Indre sentralisering – også i Fjell

For også i Fjell kommune skjer det ei indre sentralisering. Det er først og fremst i tettstadene og sentra at veksten kjem, og med prosjektet Sotra kystby ligg det føre omfattande planar for byutvikling i kommunesenteret Straume. Å balansere veksten mellom grendene og sentra er soleis ei sentral utfordring.

Brei kunnskap og plankompetanse

I 2011 utarbeidde Fjell ei eiga flyttemotivundersøking. Undersøkinga gjev eit godt bilete av behov og ønskje knytt til bustadtilbod og bumiljø, og kva kvalitetar som blir etterspurt. Kommunen har også teke aktivt i bruk data frå SSB, saman med analyser for stadattraktivitet frå Telemarkforsking. Kommunen har sett ned ei referansegruppe som følgjer planprosessen, og har sjølv gode ressursar både på samfunns- og arealplanlegging.

For mindre distriktskommunar er tilgangen på planfagleg kompetanse ofte heilt annleis. Det verkar naturleg nok også inn på kapasitet og arbeidsmåtar. Det er likevel grunn til å tenkje over om mindre distriktskommunar i stor nok grad prioriterer å jobbe kunnskapsbasert med viktige utviklingsdokument og strategiar for auka busetting. Vår erfaring er at det er få kommunar som driv heilskapleg bustadplanlegging og ser bustadutviklinga i samanheng med øvrige utviklingsmål og tiltak. I så måte er planarbeidet i Fjell eit døme å sjå til og lære av.

Kommunedelplanen for bustadutvikling i Fjell kommune skal etter planprogrammet vedtakast vinteren 2013. Det blir eit viktig styringsdokument for utviklinga av ein kommune med ein fot i byen og ein i bygda.