Kommunen som næringsutviklar i 2030

Korleis kan endringar i samfunnsmessige utviklingstrekk verke inn på distriktskommunar sitt handlingsrom for lokal og regional næringsutvikling? Desse 4 notata utforskar desse problemstillingane.

Utviklingstrekka i samfunnet er i stadig endring. Demografiske endringar, klima- og miljøutfordringar, digitalisering, knappheit på arbeidskraft og kompetanse vil påverke distriktskommunane sitt handlingsrom i framtida.

Distriktssenteret har utfordra 4 forskings- og fagmiljø til å peike på moglegheiter og utfordringar som kan opna seg i kommunane sitt arbeid med næringsutvikling. Korleis bør distriktskommunar jobbe i dag og framover med å utvikle rollane som forvaltar, tenesteprodusent og entreprenør? I 4 notat legg forskarane fram sine svar på kva som kan kjenneteikne den gode næringsutviklarkommunen i Distrikts-Noreg i år 2030.

4 notat oppsummert

Kommunen som næringsutvikler i 2030

Anne Espelien, Menon Economics
Kva betyr digitalisering av varehandel og «butikkdød» for lokalt næringsliv i distriktskommunar?

Næringsutvikling i distriktskommuner i 2030

Knut Vareide, Telemarksforsking
Korleis kan demografiske endringar og sentralisering komme til å påverke kommunen si næringsutviklarrolle i framtida?

Kommunen sin framtidige næringsutviklingsrolle

Morten Stene og Britt Paula Mørkved, Nord Universitet
Kva moglegheiter og utfordringar finnast innanfor sosialt entreprenørskap?

Næringsutviklingskommunen 2030 – et refleksjonsnotat

Svein Frisvoll, Ruralis
Kva kan vere nokre ulike forteljingar og ulike strategiar for distriktskommunar i framtida? Bringer framtida bygdedød og marginalisering eller er det kanskje moglegheitenes tid i Distrikts-Norge?

Ytterlegare kunnskap

Notata over er skrive som del av ein arbeidsverkstad arrangert av Distriktssenteret, der inviterte forskings- og fagmiljø deltok, saman med KS, NHO og Innovasjon Norge. I tillegg deltok Troms og Telemark fylkeskommune og Kragerø, Skånland og Lavangen kommune. På verkstaden vart det peika på fleire kjenneteikn som kan prege den gode næringsutviklarkommunen i framtida:

  • Kommunen har gjort tydelege prioriteringar som fremmer ei berekraftig samfunnsutvikling.
  • Høg grad tillit, og derav og eit godt samspel og samarbeid mellom kommunen og det lokale næringslivet.
  • Kommunen abeider godt med både bulyst og næringsutvikling, og desse to arbeidsområda har meir eller mindre smelta saman.
  • Kommuneleiinga prioriterer arbeidet med næringsutvikling høgt.
  • Kommunen nyttar moderne teknologi til lokal kunnskaps- og forretningsutvikling.

Om du er interessert i meir bakgrunnsmateriale for arbeidsverkstaden kan du gjerne sjå på notatet Hvordan rigge seg for å bli best på næringsutvikling, Distriktssenteret sitt temahefte «Verdiskaping i ditt lokalsamfunn», rapporten «Suksessrike distriktskommunar anno 2018», samt nokre av artiklane i jubileumsheftet til Distriktssenteret.

Sjå også NIVI Analyse sin rapport om Regionråd i Norge (2018) og NORCE sin rapport med komparativ analyse av distriktspolitikk i Norge, Sverige og Danmark (2018).