Webinar: Samfunnsplanlegging i ei brytningstid

Bli med på oppfølgjande webinar frå plan-, klima- og folkehelsekonferansen.

Vestland fylkeskommune, i samarbeid med fylkesmannen i Vestland og Distriktssenteret, inviterer til webinar, der vi ser nærare på korleis Vestland skal følgje opp måla i utviklingsplanen.

Første bolk har tittel «Klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga». Bolken ser nærare på naturmangfald i kommunal planlegging. Etter lunsj går vi djupare inn i samfunnsdelen som styringsverktøy og FN sitt berekraftmål nr. 17: «Samarbeid for å nå måla». Bolken drøftar korleis styrkt kompetanse på samskaping, samarbeid, nettverksjobbing og partnarskap bidreg for å få dette til. 

Les meir om program, innlegg  og påkopling hjå Vestland fylkeskommune.

Stikkord: