Fagområde: Bolig og bomiljø

Webinar i opptak: Kva påverkar bustadval blant eldre?

Kva tenker eldre om bustadval, og kva står i vegen for at eldre kan bu trygt og godt? Korleis er situasjonen i distrikta? Sjå opptak av webinar her.

Husbanken inviterer til webinar om eldres mobilitet på bustadmarknaden. Kva haldningar har eldre til eigen busituasjon, og kva påverkar bustadvalet? Kva er til hinder for at aldre i distrikta kan ha ein god og trygg busituasjon?

Webinaret blir innleia av Husbankens direktør Osmund Kaldheim, som vil snakke om Husbankens ansvar og oppgåver på området. Webinaret inngår bl.a i nettverksprosjektet Aldersvennlige boliger og bomiljø i distriktskommuner, som Husbanken driv saman med Distriktssenteret.

Sjå presentasjon Kaldheim

Forskar Jardar Sørvoll frå NOVA, Oslo Met, presentere funn frå rapporten ‘Mobilitet blant eldre på boligmarkedet‘, og utdrag frå anna forsking på temaet eldre og bustad. Her vil han blant anna kome inn på særlege utfordringar som mindre kommunar møter i aldersvennleg bustadplanlegging.

Sjå presentasjon Sørvoll

Du møter også kommunedirektør i Meløy kommune, Adelheid Kristiansen.

Sjå presentasjon Kristiansen

Stikkord: