Fagområde: Stedsutvikling

Webinar: Grønne reiser 3 – parkeringsstrategi for betre stadutvikling

Parkeringspolitikk er eit verktøy for å utvikle levande og berekraftige småbyar og tettstader. I dette webinaret deler Asplan Viak og Vågan kommune råd og erfaringar om korleis parkeringsstrategi bidreg til meir levande og berekraftige stader i distrikta. Sjå opptak her.

Desse får du høyre

I dette webinaret gjev Gorm Carlsen frå Asplan Viak gode råd om korleis mindre kommunar kan utvikle parkeringspolitikk- og strategiar, og kva tiltak som kan vere aktuelle. I tillegg får vi høyre frå Vågan kommune i Nordland, som deler sine erfaringar med å lage og gjennomføre parkeringsstrategi for småbyen Svolvær og tettstadene Kabelvåg og Hemingsvær.

Presentasjon Gorm Carlsen

Presentasjon Vågan kommune

Målgruppe

Målgruppe for webinaret er planleggarar og andre som jobbar med gode løysingar for berekraft, folkehelse og levande stader.

Webinaret er det siste i ei rekke på 3 om grøne reiser i småbyar og mindre tettstader.
Del 2 – gange, sykkel og spark – gjekk 25. september, sjå webinaret i opptak her.
Del 1 – smarte kolletivløysingar – gjekk 13. september, sjå webinaret i opptak her.