Webinar: Fleire bustader i distrikta

Korleis kan Husbankens verkemiddel bidra til eit betre bustadtilbod i distrikta? 11. mai kl 09:00 inviterer dei til webinar for å fortelje meir om dette.

I mange distriktskommunar er det lokale bustadtilbodet ein flaskehals for rekruttering av arbeidskraft. Det trengs fleire eigna bustader, i tråd med behov og ønskje hjå ulike befolkningsgrupper som til dømes unge vaksne, tilflyttarar og eldre. Korleis kan Husbankens verkemiddel bidra? Bli med på webinar 11. mai.

Korleis kan Husbankens verkemiddel bidra?

Illustarsjon av ulike bustadtypar.

Illustrasjon: Gehl Architects.

I dette webinaret vil Husbanken presentere korleis ulike verkemiddel kan brukast i bustadutviklinga.

Du får også høyre erfaringar med langsiktig bustadutvikling frå Vegårshei kommune, og om korleis grunderane Ingrid Langklopp og Roar Svenning har tenkt og utvikla bustadprosjektet Bygdekanten, på Stokkøya i Åfjord kommune.

Professor i statsvitenskap ved UiT, Kjell Arne Røvik, innleier om kva bustadsatsingar betyr for distrikta.

Innsats som styrkar kommunens rolle

Husbanken og Distriktssenteret samarbeider i nettverksprosjektet Aldersvennlige boliger og bomiljø i distriktene, og Husbanken driv nettverksprosjektet Kommunale boliger – et uforløst potensial. Prosjekta har som føremål å styrke aldersvennleg bustadplanlegging og utvikling, og auke kunnskapen om bruk av startlån som verkemiddel for å få til betre sirkulasjon i bustadmarknaden.

Kommunen er den viktigaste aktøren i den lokale bustadpolitikken, ikkje minst i kommunar der marknaden er liten og usikker. Kommunar som tek ei aktiv bustadpolitisk rolle driv langsiktig, strategisk bustadplanlegging, legg til rette for samarbeid med andre aktørar og er ekspertar på Husbankens verkemiddel. Kommunar som arbeider på denne måten lukkast betre med bustadutviklinga.

Program og påmelding

Webinaret er gratis, ope for alle og blir arrangert på Teams. Les meir om programmet og påmelding hjå Husbanken.