Tilpasse bustaden – ei investering for framtida

Den nye reforma «Bu trygt heime» set planlegging for alderdommen høgt på dagsorden. Skal ein bli buande som før, tilpasse bustaden eller flytte? Konferansen vil rette særskild fokus på tilpassing av bustad, både for eldre, barn med nedsett funksjonsevne og andre med behov for ein tilpassa bustad.

Konferansen vil rette særskild fokus på tilpassing av bustad og vil være aktuell for mange distriktskommunar
Foto: Dan-Erik Aggvin

Husbanken og NAV Hjelpemiddelsentral inviterer til nasjonal konferanse om tilpassing av bustad.

De vil vise konkrete eksempel på tilpassing av bustad for personar med nedsett funksjonsevne, både barn og eldre, og korleis kommunane arbeider og kan arbeide med dette.

Avgjersla som den enkelte tek, kan ha mykje å seie for både livskvaliteten til den enkelte, for eldreomsorga og økonomien i kommunen.

Delta fysisk eller digitalt

Arrangementet blir streama. Kryss av på feltet i påmeldingsskjemaet hvis du ønsker å delta digitalt. Du vil då få tilsendt lenke til sendinga i forkant av arrangementet.

Har du spørsmål? Kontakt Husbanken på e-post [email protected]