Sogn for alle – innvandrarar som ressurs i lokalt samfunns- og næringsliv

Korleis kan innvandrarar bli ein ressurs både i næringslivet og i lokalsamfunnet? Bli med på eit spennande seminar om integrering.

Meld deg på arrangementet »

Sammen med Sogn regionråd gjennomfører Distriktssenteret oppstart av prosjektet Sogn for alle.

Vi ønskjer at Sogn skal bli betre på å sjå innvandrarar som ein ressurs, både i næringslivet og lokalsamfunnet. Regionen vår har behov for ny arbeidskraft, og flyktningar og innvandrarar er ein verdifull ressurs. Vi tek difor opp følgande spørsmål:

  • Korleis behalda flyktningar og innvandrarar i Sogn?
  • Korleis få til vellukka integrering gjennom samarbeid?
  • Korleis jobbe meir heilskapleg med integrering?

Desse kjem

Vi får besøk av Aiman Shaqura, gründeren som gjekk frå å pussa sko til å omsetje for over 100 millionar. Med fire Gaselle-diplom, turnerer han Noreg for å skaffa flyktningar jobb. Vi håpar han legg igjen litt av lidenskapen sin for inkludering og innovasjon

I tillegg kjem Distriktssenteret, Indre Sogn Bil, Nyrstar Høyanger, NAV Vestland, Høgskulen på Vestlandet, ordførarar og prosjektrådmann i nye Sogndal kommune.

Sjå fullt program.

Målgrupper

Lokalt næringsliv, næringsorganisasjonar, frivillige lag og organisasjonar, kommuner i Sogn,  fylkeskommunen, opplæringskontor, Imdi, KS Sogn og Fjordane.