
Illustrasjon: Vestland fylkeskommune
Vi lever i ei brytingstid. Små og store lokalsamfunn, stader og byar må alle ta del i arbeidet med å skape verdiar, sikre gode levekår og samstundes løyse klima- og miljøutfordringane. I konferansen og i påfølgjande webinar drøfta vi korleis Vestland kan ta samla steg i ei meir berekraftig retning, for folk og samfunn, klima og natur.
Både konferanse og webinar blei strauma og er tilgjengelege hjå Vestland fylkeskommune.
Vestland fylkeskommune og fylkesmannen i Vestland stod bak konferanse og webinar, med Distriktssenteret som fagleg samarbeidspart.