Fagområde: Bolig og bomiljø

Korleis få fleire tilpassa bustader i distrikta?

Viss eldre skal kunne bu heime lenger, treng vi fleire eigna bustader. Å tilpasse eksisterande bustader er då avgjerande, i tillegg til å bygge nytt. Bli med på webinar om bustadtilpassing: 22. september kl 10:00.

Det er eit mål å legge til rette for at fleire eldre kan bu heime lenger. Dei fleste ønskjer å bu i eigen heim, også når dei blir eldre, men bustader og bumiljø i mange distriktskommunar er lite aldersvennlege. Å tilpasse bustader er difor ein sentral del av bustadpolitikken.

I dette webinaret deler Husbanken og NAV Hjelpemiddelsentralen tips og råd om korleis kome i gang med bustadtilpassing, og kva virkemidlar som finst. Kommunane Ullensvang, Stryn, Kongsvinger og Melhus deler erfaringar frå sitt arbeid med bustadplanlegging.

Les meir om webinaret hjå Husbanken.