Jubileumsfagdag: Livskraftige lokalsamfunn – tilfeldig og planlagt?

Kva er ein god samfunnsutviklingskommune? Kva har skjedd med utviklingsarbeidet i små og mellomstore kommunar dei siste ti åra? Kva former utviklinga i åra som kjem? Dette og meir til vart belyst då Distriktssenteret feira 10 år med fagkonferanse 4. september. Sjå video av alle innlegg.

Kapasitetsbyggande samfunnsplanlegging

Jørgen Amdam, professor emeritus og ordførar i Volda kommune


Lysark Amdam

Dei lange linjene i stadutvikling

Guri Mette Vestby, seniorforsker By- og regionforskningsinstituttet NIBR/Oslo Met


Lysark Vestby

Forventningar og erfaringar med kommunen som samfunnsutviklar

Samtale mellom konferansier Marianne Meløy og
Tendai Malvine Makurumbandi – gründer og profesjonell dansar med bakgrunn frå Harare,
Hans Jakob Sunde – drivar av Nærbutikken i Rognaldsvåg i Flora kommune
Marit Espenes – ordførar i Dyrøy kommune
Astrid Skogseth – samfunnsutviklar og eldsjel frå Steinkjer

10 år med Distriktssenterkunnskap

Tilsette i Distriktssenteret


Lysark Distriktssenteret

Det attraktive distriktssamfunnet i framtida

Arne Krokan, professor i sosiologi NTNU


Lysark Krokan

Det er vi som er framtida

Sara Mathea Helmersen, Barne- og ungdomsrådsleiar i Mandal

Smarte landsbygder i framtida

Theo Härén, forfattar


Lysark Härén

Moglegheiter i distrikta

Anne Karin Olli, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Sjå liste over påmeldte
Du har ikke tillatelse til å vise dette innholdet.
Desse stod på scena

Anne Karin Olli

Portrett av Anne Karin Olli

Moglegheiter i distrikta

Statssekretæren i Kommunal- og moderniseringsdepartementet kjem for å snakke om korleis vi skal få til vekst og utvikling i distrikta. Nye moglegheiter og utfordringar blir gjennomgangstema, særleg knytt til næringsutvikling, digitalisering og teknologisk utvikling.

Distriktssenteret

Bilete av tilsette i Distriktssenteret

10 år med distriktssenterkunnskap

På jubileumsfagdagen møter du alle som arbeider i Distriktssenteret. Mange av oss vil du også sjå på scena. Kva kan vi etter å ha reist land og strand rundt i ti år? Etter rundt 60 studier og hundrevis av innsamla eksempel? Kva har vi lært og meiner det er lurt at andre får lære vidare? Vi gir deg ny innsikt om kva som gjer ein kommune suksessrik. Vi fortel om inkludering som utviklingsstrategi, om regionalt samarbeid, om stadutvikling, stadtilhøyrsle, verdiskaping basert på natur- og kulturressursar og lokaldemokrati

Sara Mathea Helmersen

Portrett av Sara Mathea Helmersen

Det er vi som er framtida

Sara er leiar i barne- og ungdomsrådet i Mandal kommune. Ho kjem for å fortelje om kva det betyr for ungdom å vere med på den lokale samfunnsutviklinga. Og kva har den digitale verda å seie for det å høyre til ein stad?

Jørgen Amdam

Portrett av Jørgen Amdam

Kapasitetsbyggande samfunnsplanlegging

Å bygge utviklingskapasitet handlar om å møte utfordringar gjennom strategiar og tiltak som heile samfunnet engasjerer seg i og som er tilpassa situasjon og utfordringar i området. Jørgen har vore medlem av fagrådet til Distriktssenteret i alle ti åra, først som rektor ved Høgskulen i Volda, så professor i kommunal planlegging og administrasjon, og no som ordførar i Volda. Han meiner at Distriktssenteret  kan utvikle seg vidare i minst to ulike retningar: Å hjelpe til med implementering av politikk gjennom å vere KMD si utførande hand i nasjonale endringsprogram, eller å være ei kritisk røst som formidlar kunnskap og politikkbehov for utkantar og rurale område spesielt.

Guri Mette Vestby

Portrett Guri Mette Vestby

Dei lange linjene i stadutvikling

Lokalsamfunn blir forma både av «historiens gang» og som resultat av målretta og strategiske stadutviklingsprosjekt. Guri Mette Vestby, sosiolog og forskar ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR, tar tilbakeblikket og prøver å få auge på både tidstypiske tema og tenkemåter og  sjå lange linjer og hardføre strategiar med dagsaktuell gyldigheit

Arne Krokan

Portrett av Arne Krokan

Det attraktive distriktssamfunnet i framtida

Utfordringar, moglegheiter og vegval i lys av teknologiske endringar

Ein av Norges dyktigaste og mest ettertrakta formidlarar av kva digitalisering gjer med samfunnet og hva teknologiske endringar betyr for utviklinga. Krokan er professor i sosiologi ved NTNU, og i digital marknadsføring og digital økonomi ved Høyskolen Kristiania. Han har utdanning i psykologi, statistikk, sosiologi og medievitenskap. I 2017 var han medredaktør av boka «Teknologien endrer samfunnet».

Teo Härén

Portrett av Teo Härén

Smart landsbygd i framtida

Teo Härén er ein svensk forfatter som har skrive flere bøker om nytenking og kreativitet. Han har gründa kreativitetsføretaket Creative Countryside; Ett kreativitetscentrum på den svenska landsbygden. Teo har førelese i meir enn 25 land, fått tittelen «Årets talar» og «Ein av Sveriges 100 mest inspirerande menneske». Han kjem til Norge og Distriktssenteret sin jubileumsfagdag for å snakke om framtida for distrikta, med utgangspunkt i si siste bok «Digitalieringens påverkan på landsbygden», som han skriv på akkurat no.

Marianne Meløy

Portrett av Marianne Meløy

Konferansier

Marianne Meløy er tekstforfattar og skodespelar frå Alsvåg i Vesterålen.

Ho er tilsett som skodespelar på Trøndelag Teater, der ho har spela det meste frå aktiv valp til passiv kystkvinne til psykotisk gamal dame.

Ho har også laga monologane  Stemt og Bunnlinja – og skrive fleire operaer og musikkteaterforestillingar i duoen «Brøløy»   Mange kjenner Marianne som kåsør og spaltist.

Foto: GT Nergaard