Framtidas lokalsamfunn – Merkurs landskonferanse 2022

19. – 20. oktober inviterer Distriktssenteret kjøpmenn, bokhandlarar og kommunar til Framtidas lokalsamfunn – Merkurs landskonferanse. To dagar med inspirasjon, fagleg kunnskap og nettverksbygging! Konferansen er fulltegna.

Person gir eit brød til eit barn inne i ein butikk. Foto.

Foto: David Zadig

Kjøpmannen og butikken er ein viktig medspelar for kommunen. Dei er er ofte limet, møteplassen og motoren i små distriktssamfunn. Butikken kan også vere ein viktig tenesteleverandør til lokalsamfunnet sitt. Korleis kan kommunen komme på bana og utnytte denne relasjonen endå betre?

Under Merkurs landskonferasner får du møte driftige kjøpmenn frå heile landet. Du får kunnskapspåfyll, inspirasjon og og moglegheit til å diskutere problemstillingar som kan bringe kommunen nærare gode løysningar for tenester og samarbeid mellom nærbutikken og kommunen.

Saman skapar vi framtidas lokalsamfunn

Tema for konferansen er: Saman skapar vi framtidas lokalsamfunn! Vi skal sjå framover, lære og fokusere på konkret handling. Det blir veksling mellom innlegg i plenum, parallelle sesjonar, arbeidsverkstader og naturlegvis tid til å prate og treffe andre.

Vårt mål er at konferansen skal gi både fagleg, personleg og relasjonelt påfyll, og være eit godt pusterom i kvardagen! Vi har eit stjernespekka program, der du er ei av stjernene!

Målgruppe for konferansen

Målgruppe for konferansen er kjøpmenn og bokhandlarar i Merkur-programmet, kommunar, fylkeskommunar og andre i virkemiddelapparatet, og alle som er interesserte i nærbutikken si rolle i lokal samfunnsutvikling.