Fagområde: Stedsutvikling

Felles grunn? Rom for kultur

Korleis skaper vi rom for kultur? Har vi rom for deltaking, mangfald og fellesskap? Den årlege kulturkonferansen for Vestland blir i år arrangert i Førde 18. november.

Årets kulturkonferanse i Vestland fylke har tema Rom for kultur. Korleis bygge og legge til rette for stader som gjev gode rom til å oppleve, delta, yte, dele og nyte? Kva type arenaer bidreg til mangfald og vert opplevd som relevante for alle innbyggarane? Korleis kan vi vere med på å skape opne, offentlege rom – både fysisk og mentalt? Har vi rom for å ytre oss? Rom for å vere ulike? Har vi rom for alle? Har vi felles grunn?

Hald av dagen no. Program, påmeldingsskjema og praktisk informasjon om overnatting med meir kjem etter sommaren.

Konferansen blir arrangert av Vestland fylkeskommune. Distriktssenteret deltek i referansegruppe for programarbeidet.

Stikkord:
Steder: