Fagområde: Stedsutvikling

Bylivkonferansen 2021

Årets bylivskonferanse tek utgangspunkt i regjeringas nasjonale strategi for bærekraftig utvikling, og strategiar for småbyar, fjell og innland. Hald av dagane 3. og 4.november!

Bylivkonferansen har etablert seg som ein viktig møteplass for alle som er interesserte i berekraftig by- og tettstadutvikling. Målet med konferansen er blant anna å dele gode eksempel og erfaringar frå vellukka prosessar, planar og fysiske, arkitektoniske løysingar som bidreg til å styrke kvalitet og identitet. Berekraft er eit gjennomgåande tema.

Konferansen blir arrangert 3.-4. november og vil i år vere digital. Programmet er under utvikling og vert publisert i september. Tidlegare har konferansen vore arrangert i Haugesund, Ulsteinvik, Tønsberg og Narvik.

Bylivkonferansen er også ein arena der finalistane til Attraktiv by-prisen, Statens pris for bærekraftig by- og stadutvikling blir presentert. Dei tre finalistane i 2021 er Henningsvær, Skien/Porsgrunn-samarbeidet og bydelen Saupstad/Kolstad i Trondheim. Les meir om finalistane hjå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Bylivkonferansen blir arrangert av Bylivsenteret i Norske arkitekters landsforbund, i samarbeid med Distriktssenteret.