Ungdommens distriktspanel

Regjeringa vil høyre ungdommen sine forslag til korleis framtidas distriktssamfunn bør vere. Distriktssenteret har fått oppdraget med å legge til rette.

Bilde m tekst: "Ungdommens distriktspanel - Vil du være med å bestemme?" Foto.

I løpet av hausten 2019 blir 10 ungdommar frå heile landet plukka ut til å gje regjeringa råd om kva som skal til for at unge vil bu, arbeide og investere framtida si på bygda. Ungdommane skal jobbe gjennom heile 2020, og i løpet av våren 2021 overlevere råda sine til regjeringa.

Alle unge kan melde seg på

Alle unge mellom 14 og 24 år kan melde seg på eller foreslå nokon dei kjenner som dei meiner bør delta! Påmeldingsfristen er 17. november.

Distriktssenteret har fått i oppgåve å rekruttere, organisere og legge til rette for arbeidet i Ungdommens distriktspanel. Panelet er forankra i Meld. St. 5 (2019-2020) Levende lokalsamfunn for fremtiden – Distriktsmeldingen.

Sjå óg pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.