Merkur-programmet, etablert 1995, er eit utviklings- og kompetanseprogram som også gir tilskot til butikkar med lita omsetjing og stor avstand til neste butikk.
Samanslåinga av Merkur og Distriktssenteret kan óg gi Merkur breiare dialog med kommunane. Kommunane kan óg ha god nytte av å samarbeide tettare med nærbutikkane.
Ordningane i Merkur-programmet held fram som før
Ordningane i Merkur-programmet vert ikkje endra, og styret blir vidareført. Sekretariatet for Merkur var fram til 1. januar 2019 ein del av konsulentselskapet Mentor AS. Dei tre tilsette har fått fast stilling i Distriktssenteret, og skal halde fram med å arbeide med Merkur-programmet. Dei 10 regionale Merkur-konsulentane som følgjer opp Merkur-butikkane, vil ha same oppdraget som før.
Stabilt fagmiljø og reduserte kostnadar
Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som eig Merkur, som har bestemt at Distriktssenteret skal overta oppgåvene. Departementet meiner det er klare faglege fordelar ved eit stabilt, større fagmiljø som kan utviklast vidare. Det har over mange år vore ei utvikling der Merkur, og Merkur-butikkane, har utvikla seg til å verte lokalsamfunnsutviklarar. Slik har Distriktssenteret og Merkur mykje til felles. Ved å samle Distriktssenteret og Merkurs administrative funksjonar, er det i tillegg mogleg å redusere dei samla kostnadene til dette formålet.