Marit Lofnes Mellingen blir ny direktør i Distriktssenteret

Marit Lofnes Mellingen er tilsett som ny direktør for Distriktssenteret. Ho tek over stillinga når Halvor Holmli sitt åremål går ut 1. april 2020.

Marit Lofnes Mellingen. Portrettfoto.

Marit Lofnes Mellingen Foto: Difi.

Den nye direktøren kjem frå ei stilling som fagleg leiar i Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI). Mellingen har lang leiarerfaring, og har m.a ei mastergrad i leiing frå BI.

– Med dette får Distriktssenteret ein kompetent direktør. Lofnes kjenner både kommunesektoren, departementet og Distriktssenteret godt frå før og eg ser fram til å samarbeide med henne i tida som kjem, seier kommunalministar Monica Mæland.

Sjå pressemelding frå Kommunal og regionaldepartementet.