Fagområde: Kommunereformen

Kunnskapsleverandør i kommunereformen

I kommuneproposisjonen som regionalminister Jan Tore Sanner la fram onsdag 14. mai får Kompetansesenter for distriktsutvikling ei endå tydelegare rolle som kunnskapsleverandør.

– Vår rolle som kompetansesenter blir ytterlegare styrka når vi får i oppgåve å vere kunnskapsleverandør til fylkesmennene, seier direktør Halvor Holmli.

Fylkesmennene blir gjennom kommuneproposisjonen tilført nye midlar for å kunne vere prosessrettleiarar for dei som vurderer kommunesamanslåing.

I kommuneproposisjonen er dette presentert slik:

«Kompetansesenteret for distriktsutvikling (KDU) vil kunne bistå prosessveilederne i de enkelte fylkene (se nærmere omtale nedenfor) både om erfaringer fra tidligere sammenslutninger og om råd når det gjelder organisering av de lokale prosessene. KDU vil imidlertid ikke ha kapasitet til å bistå enkeltkommuner eller de enkelte sammenslutningsalternativene i konkrete utredningsarbeid.»

Tilgjengeleg kunnskap

Distriktssenteret arbeider med å kartlegge prosessane rundt dei sju kommunesamanslåingane som har blitt gjennomført sidan 2000.

– Dette gir kunnskap som saman med den omfattande kunnskapen Kompetansesenter for distriktsutvikling har om lokal og regional samfunnsutvikling gir eit godt grunnlag for gode prosessar i arbeidet med å følge opp kommunereformen, fortel Anne Irene Myhr, som leier senteret sitt arbeid med kommunereformen.

– Det er også svært mykje nyttig å lære av alle dei kommunesamanslåingsprosessane som har vorte avslutta utan samanslåing. Difor hentar vi inn og samanstillar erfaringar frå desse også, forklarar ho.

– I tillegg til at prosessrettleiarane hos fylkesmennene skal få ta del i den innsamla og systematiserte kunnskapen, skal alt vi veit også vere tilgjengeleg for kommunane.

Les meir om kommunereformen på kommunereform.no
Les meldingsdel om kommunereform på regjeringen.no

Les Kommunal- og moderniseringsdepartementet si pressemelding