Konflikt kan få deg i gang – samspel får deg i mål

Har du opplevd at utviklingsprosessar strandar, og at spennande utbyggingsplanar aldri blir realisert? Leiarskap kan i mange tilfeller vere ein av forklaringane på kvifor og kva som skal til for å lykkast – slik som dei har gjort i Sogndal på Fosshaugane Campus.

På 1960-talet skulle det byggast nytt gymnas i Sogndal. Gymnasbygget (bygg 2 på bildet under) skulle ligge på Fosshaugane, der Sogndal Idrettslag hadde treningsbane. Dermed oppstod det ei interessekonflikt: mange meinte det ikkje var plass til både idrett og vidaregåadne skule på Fosshaugane.

Konflikta vart løyst ved at Sogndal kommune ga Sogndal Idrettslag disposisjonsrett over areal til nye treningsbaner (der bygg 12 og 11 står), og i 1965 stod det nye gymnasbygget ferdig. Dermed vart det skapt ein presedens for å løyse konfliktar og få framdrift i utviklinga gjennom samspel mellom fleire aktørar. Dette har seinare og heilt fram til i dag bidrege til å skape eigarskap til utviklingsprosjektet som etterkvart skulle bli Fossahugane Campus hjå dei involverte aktørane.

Å leie samarbeidsprosessar på tvers av aktørar, interesser og organisasjonar, kan vere svært krevjande. I denne artikkelen gir vi døme på kva som gjer at slike prosessar enklare fører fram til ønskt mål. Kunnskapen som ligg i døma er nyttig for alle som driv med samfunnsutvikling, enten du er politikar, prosjektleiar, kommunetilsett, næringslivsleiar eller ein del frivillige av lag og organisasjonar.

Fakta om Fosshaugane
Toppfotballarena omkransa av eit integrert kompetanse- og gründermiljø. Eigd av Sogndal fotball, Sogndal kommune, Statsbygg og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Investeringar 2001 – 2018: 2 milliardar kroner (inkl oppstarta prosjekt) i m.a. stadion og tribuneanlegg, vidaregåande skule, høgskule og innovasjonsbygg.

Aktørar på Fosshaugane Campus:

  • Høgskulen på Vestlandet
  • Distriktssenteret
  • Vestlandsforsking
  • Kunnskapsparken
  • Sogn Næring
  • Innovasjon Norge (hausten 2017)
  • Sogndal fotball
  • Norconsult
  • Rocketfarm
  • Gründermiljø med 30 private små og mellomstore verksemder

Totalt 600 har sin arbeidsplass her i tillegg til 3000 studentar og 1000 elevar.

Frå konflikt til samspel med godt leiarskap

Yngve Hallén, ein av fleire eldsjeler bak utviklinga av Sogndal Fotball og Fosshaugane Campus, kjenner godt til kva som ligg i den krevjande leiarrolla. Under eit foredrag for Byregionprogrammet i 2016, syner han fram ei skisse med bygningar/anlegg med tala 1 til og med 14 på og seier:

«Alle desse tala representerer utviklingssteg på Fosshaugane. Eg kunne teke med fleire også. Tala representerer også ein konflikt. Det har vore konfliktar rundt denne utviklinga – interessekonfliktar. Det blir feil å seie at det er ein konflikt som har utvikla samarbeidsprosjektet, men det er ein konflikt som har starta det. Det som har utvikla det er at ein har sagt – ok, vi skal samarbeide. Vi tek konflikten og finn ein felles løysing. Ein har teke eit val og gått vidare».

Kart som viser ulike bygningar på Fosshaugane Campus.

1 Guridalsbygget. 2 Gymnaset. 3 Guristova. 4 Fossbygget. 5 Høgskulebygget. 6. Stadionbygget. 7 Skotet. 8 Linesbygget. 9 Sognahallen. 10 Kvåle Stadion. 11 Kvåle Skule. 12 Idretts- og symjehall. 13 Sogndal VGS yrkesfag. 14 Svingen. Bilde: fossahuganeacmpus.no

Foredrag: Samspel og samhandling som drivkraft for utvikling
Yngve Hallén, dagleg leiar Sogndal Fotball

Lysark Hallén

Leiarskap handlar om å skape eigarskap

Kva må til for å skape den gode og breie samhandlinga som utgangspunkt for lokal og regional samfunnsutvikling? Både praktisk erfaring og forsking tilseier at leiarskap er avgjerande for å lykkast.

I foredraget «Leiing av regionale utviklingsprosjekt» (2015) fortel professor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam om koplinga mellom leiarskap og det å skape eit breidt eigarskap til utviklingsprosjekta. Han seier mellom anna:

«Leiarskap i regionale utviklingsprosjekt handlar i langt større grad om å skape eigarskap enn det at du er god til å lage prosjektplanar og er opplest på prosjektleiing. Som leiar må du utvikle eit breidt eigarskap. Bryt samarbeid saman, så er det sjeldan prosjektleiaren sin feil, men det er rett og slett korleis aktørane fungerer saman.»

Amdam fortel vidare at det vert enklare å få til eigarskapet som krevst for regional utvikling (M Storper 1997), dersom det finst presedens for at ein tidlegare har fått ting til.

Amdam trekker også opp eit skilje mellom dei lærande og dynamiske regionane som lykkast med utviklingsarbeid, og dei stagnerande regionane som i mindre grad lykkast. Dei lærande og dynamiske regionane er kjenneteikna av opne prosessar med godt fungerande politiske system. Aktørane har skapt god tillit seg imellom, i form av at ein snakkar saman, ein kjem fram med sine synspunkt, ein er ærleg og undergrev ikkje konfliktar og usemje.

Sjå heile foredraget til Jørgen Amdam

Foredrag: Leiing av regionale utviklingsprosjekt
Professor Jørgen Amdam, Høgskulen i Volda

Lysark Amdam

Viktige trekk ved god leiing på tvers av ulike aktørar

NIBR-forskerne Gro Sandkjær Hansen og Hege Hofstad i Norsk Institutt for By- og Regionforskning har studert føresetnadene for at regionale nettverk og partnarskap skal fungere. I rapporten «Samfunnsutviklarrolla til regionalt folkevalt nivå» peiker dei på 4 viktige karaktertrekk ved god leiing av nettverk på tvers av ulike aktørar og ulike interesser.

  • Forvaltar: å vere synleg, forutsigbar, inkluderande og audmjuk
  • Mediator: å vere ærleg, tillitsskapande, evne og dempe motsetningar
  • Katalysator: å vere overbevisande, nyskapande, løysingsorientert, visjonær, skape lyst til å vere med å samarbeide
  • Brubyggar: å vere menneske- og systemkjennar, kunne forstå politiske og administrative prosessar, evne til å «oversette» bodskap på tvers av sektorar og interesser
Sjå heile foredraget til Sandkjær Hansen og Hofstad

Foredrag: Samarbeid mellom by og omland for å skape regional vekst
Gro Sandkjær Hanssen og Hege Hofstad, NIBR

Lysark Hanssen og Hofstad

Teori og praksis i utviklinga av Fosshaugane Campus

Kva koplingar finn vi mellom leiarskapsteori, representeret ved Amdam, Sandkjær Hansen og Hofstad, og utviklinga av Fosshaugane Campus?

Distriktssenteret meiner at mykje av forklaringa bak Fosshaugane Campus ligg i at leiarane kvar på sin måte har hatt eigenskapar som er viktige for å lukkast. Leiarar som har tenkt ut over eigen organisasjon, bidrege til fellesskapet og jobba mot felles mål. Leiarar som har synt tillit til leiarane for dei øvrige aktørane, og som har tatt på seg salgsjobben overfor eigen organisasjon og slik skapt viktig eigarskap til utviklingsprosjektet.

Eit døme på korleis ein kan opptre som mediator og brubyggar, finn vi då nokre av aktørane på Fosshaugane i 2001 kom i ei interessekonflikt i samband fordelinga av areal til utbygging. Då situasjonen stod fastlåst, inviterte leiinga i Sogndal kommune ved ordførar partane til eit møte på sitt kontor. Her vart konflikta løfta opp, partane fekk snakka saman og vart einige om å inngå eit samarbeid som tillot ei vidare utvikling av Fosshaugane Campus som gagna alle partar. Vi ser her eit tydeleg døme på korleis Sogndal kommune gjekk inn i rolla som mediator og dempa motsetningar og interessekonfliktar som hemma framdrift i utviklinga.

Eit anna døme er Sogn og Fjordane fylkeskommune sin nye vidaregåande skule for yrkesfag (bygg nr 13). Sogndal Fotball ville bygge eit komplett stadion med tribunefasilitetar rundt heile bana, men som liten fotballklubb var det utfordrande å skaffe tilstrekkeleg finansiering til bygging og drift av eit nytt tribuneanlegg. Det Sogndal Fotball derimot hadde, var tomtearealet dei fekk disposisjonsrett over i 1963. Dette tomtearealet kunne dei tilby fylkeskommunen, slik at dei kunne realisere nytt skulebygg. Skulebygget innheldt óg tribunar og anna areal – til dagleg brukt som til klasserom og annba undervisningsareal –  som Sogndal fotball leiger under sine heimekampar. Gjennom dette samspelet fekk ein dermed løyst Sogndal fotball sine økonomiske utfordingar, og fylkeskommunen sine tomte- og arealmessige utfordringar: fylkeskommunen eig bygget, Sogndal Fotball leiger det. Bygget stod klart til bruk i 2011.

Grep for styrka tillit

Tillitsfulle relasjonar mellom menneske kan ikkje vedtakast, dei må byggast.

Felles mål og målforståing, brei forankring, gode haldningar overfor kvarandre, inkluderande prosessar og trygge rammer for samarbeidet er alle gode grep for å styrke tilliten mellom menneske som ønskjer å skape noko saman.

Eit liknande samspel ser ein i det andre store tribunebygget på Fosshaugane (bygg nr 6), der det er Sogndal Fotball som eig bygget, medan Høgskulen på Vestlandet er leigetakar. Også i dette tilfellet vert både økonomiske og arealmessige utfordringar møtt med samspel.

I begge tilfella ser vi at aktørane syner Sogndal Fotball tillit, både som leigetakar og utleigar. Klasserom og anna undervisningsareal som Høgskulen disponerer, vert brukt under Sogndal Fotball sine heimekampar. Dåverande direktør for Høgskulen på Vestlandet (den gong Høgskulen i Sogn og Fjordane) tok på seg salgsjobben i eigen organisjasjon, og overbeviste om at Sogndal Fotball faktisk kom til å sette undervisningslokala tilbake i den standen dei måtte vere etter kvar fotballkamp. Denne leiarskapen var avgjerande for at eit slikt samspel lot seg gjennomføre.

I perioden med planlegging og bygging av Fosshaugane Campus ser vi at fleire leiarar i sentrale posisjonar har vore avgjerande for nettopp denne tankegangen. Utbyggjar representert ved Sogndal Fotball har hatt leiarar som har vore visjonære, synlege og med typiske karaktertrekk som katalysator. Sentrale samarbeidspartar som Høgskulen og Sogn og Fjordane fylkeskommune har gitt sine leiarar mynde og tillit til å innarbeide eigne interesser i fellesskapet.

Samhandlingskulturen har gitt resultat

Utviklingskapasitet

Utviklingskapasitet er ein stads kapasitet til å drive lokal samfunnsutvikling. Utviklingskapasiteten er ein sum av

  • utviklingsleiing
  • utviklingskompetanse
  • utviklingskultur
  • utviklingsøkonomi
  • tidsressursar brukt på utviklingsarbeid

God utviklingsleiing krev at ein som leiar mellom anna må kunne:

  • motivere grupper og menneske til samordna innsats og leie prosessar mot tydlege mål
  • bruke hensiktsmessige verktøy og metodar innanfor prosess- og prosesstyring
  • kommunisere tydeleg og målretta
  • legge til rette for fellesarenaer for alle som bør bidra

Les meir: Utviklingskapasitet – slik kan kommunene blir bedre samfunnsutviklere.

Sogndal kommune har lenge hatt eit slagord: Bli med på laget. Dette handlar ikkje om fotballaget, men om at i Sogndal kjem ein lengst når mange samarbeidar – gjer noko i lag.

Distriktssenteret ser at brei samhandling med aktørar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå har bidrege til at det etter kvart er mange ulike aktørar som får eit eigarforhold til prosjektet Fosshaugane Campus. Stadkjensla og stoltheita over det ein har fått til har blitt ei viktig drivkraft for vidare utvikling. Fleire og fleire ønskjer å vere ein del av det lærande og dynamiske miljøet som er skapt rundt Fosshaugane Campus.

Fosshaugane Campus er blitt meir enn ei fotballbane. I dette området finn du skule, idrett og næringsliv i lag i eit anlegg som er meir eller mindre døgnope. Fosshaugane Campus er også blitt samanlikna med Silicon Valley, ikkje i form og størrelse men, i funksjon og visjon, og gjennom måten ein har lykkast med å skape eit gründermiljø.

Sogndal kommune har hatt ei folketalsvekst på nær 20 prosent etter tusenårsskiftet. I følgje SSB sine framskrivingar vil Sogndal ha den største befolkningsveksten i Sogn og Fjordane fram mot 2040, då dei vil passere 10 000 innbyggjarar. I NHO sitt årlege Kommune NM, der kommunane blir rangert etter attraktivitet og lokal vekstkraft basert på forhold ved næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommunal økonomi blir Sogndal i 2016 rangert som nummer 1 i Sogn og Fjordane og som nummer 15 på landsbasis.

Vegen vidare

I juni 2016 vart handlingsplanen for vidare utvikling og utbygging på campusområdet i Sogndal presentert. Partane er samde om ein utviklingsplan for området dei neste 30 åra, med 4 nye byggetrinn og investeringar på nye 2 mrd. Nok en gang blir betydinga av samspel demonstrert, og planen er eit manifest over tillitsfull samhandling mellom leiarane i Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet, Statsbygg, Sogn- og Fjordane Fylkeskommune og Sogndal Fotball. Utan felles mål, god forankring og at alle partar ønskjer kvarandre vel hadde det ikkje blitt semje om ein slik plan.

«Den nye campusplanen viser korleis ein skal få til framtidig utvikling, nye bygg og nye aktivitetar, men det viktigaste no er å byggje vidare på den samhandlinga som har vore, og som igjen gjer at vi byggjer ny aktivitet dei neste åra», seier Yngve Hallén i eit intervju med NRK i samband med offentleggjeringa av planen.