Nytt prosjekt – kommunen og nærbutikken

Seks kommunar og 11 nærbutikkar i Sogn og Fjordane deltek i eit nasjonalt prosjekt for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. Prosjektet blir gjennomført av Merkur-programmet i samarbeid med Distriktssenteret og KS.

2. mai gjekk startskotet for prosjektet Kommunen og nærbutikken. Då var 37 kjøpmenn, ordførar og rådmenn samla til oppstartkonferanse i Rognaldsvåg i Flora kommune. Prosjektet – som er satt i gang etter initiativ frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet – skal gå over to år fram til 2019.

Målsettingane til prosjektet er mellom anna å styrka samarbeidet mellom distriktskommunar og nærbutikken, slik at butikken kan få ei rolle som kommunens servicesenter med eit variert tilbod av tenester til både innbyggarar og næringsliv. Prosjektet går i seks kommunar i Sogn og Fjordane, og målet er at erfaringane skal  i arbeidet med å utvikla ny distriktspolitikk.

Les meir om prosjektet på Merkur-programmet sine nettsider.