Nettverkssamling Byregionprogammet fase 2

Omstilling og innovasjon i kommunar og regionar er tema for andre nettverkssamling i fase 2 av Byregionprogrammet. Samlinga fann stad i Tromsø.

Innledning ved KMD
Bjørn Barvik, avdelingsdirektør Regionalpolitisk avdeling


Lysark Barvik

Omstilling og innovasjon
Torger Reve, professor ved Handelshøyskolen BI


Lysark Reve

Samspel og samhandling som drivkraft for utvikling
Yngve Hallén, dagleg leiar Sogndal Fotball


Lysark Hallén

Mellombelse funn frå evalueringa av Byregionprogrammet
Einar Leknes, IRIS


Lysark Leknes

Samhandling som drivkraft for utvikling
Rolf Sanne-Gundersen, Sunnfjordbyen


Lysark Sanne-Gundersen

Hvordan komme fra særstilling til omstilling, til ny særstilling?
Linda Beate Randal, direktør Innovasjon Norge Arktis


Lysark Randal

09:00Opent hus, mingling og registrering
11:00Formiddagsmat
12:00Velkomen - Halvor Holmli, direktør Distriktssenteret
12:15Innledning ved KMD - midtveis i Byregionprogrammet - Bjørn Barvik, avdelingsdirektør Regionalpolitisk avdeling
12:30Omstilling og innovasjon -Torger Reve, professor ved Handelshøyskolen BI.

Kva er rolla til kommunane og regionane i arbeidet med omstilling og innovasjon? Korleis ivareta rolla som tilretteleggar, rammesettjar, brubyggar, ambassadør og innovasjonspådrivar?
13:20Informasjon om dagen vidare
13:30Pause og forflyttning
13:45Parallelle sesjonar
Sesjon A - Rollar og virkemiddel for næringsutvikling - Tromsøsal 1
Johannes Skaar, spesialrådgjevar Innovasjon Norge.
Innovasjon Norge sitt kompetansesenter for lokalt omstillingsarbeid har lang erfaring med næringsutvikling, rollar og verkemiddel. Her vil du få presentert praktiske dømer, tankar og erfaringar med behovet for å bygge eit regionalt samarbeid for å bli ein næringsvennleg region.
Sesjon B - Heilskapleg byregionutvikling - Tromsøsal 2
Bodø kommune
Korleis jobbe med heilskapleg by- og stadutvikling som skapar økonomisk verdiskaping – samtidig som byregionen også blir meire sosial og miljømessig berekraftig?
Bodø blei kåra til årets vinnar av Statens pris for Attraktiv by, og presenterer kva dei har gjort, og kva strategi og tiltak dei vil gjere framover.
Sesjon C - Innovasjon i og med offentleg sektor - Scandic Ishavshotel
Henrik Dons Finsrud, fungerende avd. direktør for innovasjon i KS og Une Tangen, seniorråggjevar KS.
Innovasjon i offentleg sektor handlar om meir enn å legge til rette for vekst i næringslivet. Det er like viktig at kommunane utviklar seg og levere tenester som møter innbyggjarane sine behov. Denne sesjonen tek opp kva det vil seie å være ein innovativ kommune, og gir kunnskap om kva metodar og verktøy som fins for å tilpasse kommunale tenester til framtidige behov.
Sesjon D - Samspel og samhandling som drivkraft for utvikling - Tromsøsal 3
Yngve Hallén, tidl fotballpresident, no tilsett i Sogndal Fotball.
Slik realiserte vi Fosshaugane Campus som utviklingsarena. Gjennom dømet Fosshaugane Campus får deltakarane innsikt i korleis ein utviklingsaktør må drive regionalt leiarskap gjennom å påvirke, utfordre og samarbeide med andre aktørar.
Sesjon E - Byane som regionale innovasjonssentra - Møterom 315
Guri Mette Vestby – forskningssjef for bustad- stad- og regionalforskning ved NIBR.
Kva fungerar som innovasjonsarenaer i små og mellomstore byregionar?
Kva slags utviklingsaktørrolle kan kommunar og fylkeskommunar spille i dette?
Innlegget byggjer mellom anna på ein fersk studie om byane og regionsentra i Nordland.
15:00Noko å bite i
15:15Arbeid i egne grupper/møter med andre
17:00
Ulike aktivitetar i Tromsø by
A Polaria
B Kystens Hus
C Byvandring
Aktivitetane har felles avgang frå hotellet kl 17:00. Praktisk informasjon blir gitt frå scena under konferansen.
20:00Middag
08:30Oppstart i plenum
09:00Mellombelse funn frå evalueringa av Byregionprogrammet
Einar Leknes, IRIS
Knut Onsager, NIBR
09:45Informasjon om dagen vidare
10:00Forflytting og utsjekk
Enkel servering av frukt, snacks og drikke
10:30Kunnskapsmøter
7 byregionar deler sine erfaringar. Du får høve til å stille spørsmål og reflektere saman med andre over korleis din byregion kan dra nytte av denne kunnskapen i eige byregionprosjekt. Kunnskapsmøta går parallellt.
1. Entreprenørskap - Scandic Ishavshotel
Innleiar: Ingvill Brox Kielland, Tromsøregionen. Tilbakeflytter og gründer tilknyttet innovasjonsmiljøet Flow Tromsø

Dyrk talenta: Korleis kan din kommune byggje en gründerkultur som gjer det attraktivt for unge og innvandrarar å søke mot gründerskap i nettopp din region?
2. Klynger, også for mindre stadar - møterom 315
Innleiar: Paul Pedersen, Tromsøregionen. Tidligare forsker, no forfattar og skribent.
 
Hva forklarar oppstarten på industrialseringa på det vesle tettstaden Furuflaten i Lyngen kommune, og kva ligg bak den den særeigne omstillingsevna bedriftene her har vist? Kva kan vi lære av dette?
3. Regionalt politisk leiarskap - Tromsøsal 1
Innleiar: Eva Vinje Aurdal, Ålesundregionen. Ordførar i Ålesund.

I samfunnsanalysen for Ålesundregionen vart manglende regionalt leiarskap peikt på som ei sentral problemstilling. Korleis har regionen tatt tak i denne, kva for utfordringer møter dei og kva kan andre regionar lære?
4. Samhandling som drivkraft for utvikling - Tromsøsal 2
Innleiar: Rolf Sanne-Gundersen, Sunnfjordbyen.

Sunnfjord-regionen har over fleire år arbeida med å styrke samspel og samhandling over kommunegrensene. Kva har dei gjort i praksis, kva for resultat har dei oppnådd, kva er ugjort og ikkje minst kva kan andre regionar lære av dette?
5. Mobilisering av sentrale aktørar - møterom 314
Innleiarar: Tor Henriksen, Bodil Kanstad og Trygve Steen, Aust-Lofoten.

Byregionsamarbeidet mellom Vågan og Lødingen opnar for nye mulegheiter for å styrke reiseliv og opplevingsproduksjon. Funn så langt syner at det i kommunane er ulike ressursar som kan bidra til gjensidig utvikling, samtundes som det også er naudsynt med eksterne ressursar mellom anna knytt til behov for opplevings- og reiselivskompetanse. Vi vil dele vår erfaring med å mobilisere og kartlegge ressursar og rollar som er naudsynte.
6. Utdanning og næringslivet - møterom 313
Innleiar: Siri Elisabeth Hafnor, Midt-Telemark.

Midt-Telemark har kartlagd kunnskapsbehov og utarbeidd eit pilotkurs for næringslivet i regionen. I dette kunnskapsmøtet får du høyre om vegen frå prosjektplan og partnerskap, til kartlegging og pilotkurs for næringslivet. Midt-Telemark fortel her om korleis partnarskapen er etablert, kva som vart gjort for å kartlegge kunnskapsbehova til næringslivet og korleis dei skaffa nødvendige ressursar til piloten.
7. Fokusprogram - fra plan til handling - Tromsøsal 3
Innleiar: Svein Vangen, Listerregionen.

Lister nyttar fokusprogram som eit viktig verktøy for gjennomføring av byregionprosjektet. I dette kunnskapsmøte får du mellom anna høyre meir om kva dette er, korleis det vert gjennomført, kven som er involvert og korleis engasjement og ansvaret for gjennomføring og oppfølging vert sikra.
11:45Arbeid i egne grupper/møter med andre
13:00Formiddagsmat
14:00Hvordan komme fra særstilling til omstilling, til ny særstilling?
Linda Beate Randal, direktør Innovasjon Norge Arktis
14:45Avrunding
15:00Slutt og vel heim

Sjå deltakarliste

Er du prosjektleiar i ein byregion? Her finn du progammet for prosjektleiarsamlinga.