Dette er Byregionprogrammet

Utviklingsprogrammet for byregioner – Byregionprogrammet – skal bidra til å styrke vekstkrafta for byregionane som er med i programmet, og til å auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland.

– Byar kan vere motorar for omlandet ved at vekst i byen fører til vekst i omlandet, men det er ikkje alltid den vegen veksten blir spreidd. Ofte er by og omlandet gjensidig avhengige av kvarandre. Vi veit at betre samspel i ein byregion kan gje positive vekstprosessar, men at dette ikkje nødvendigvis går av seg sjølv. Det må ei villa handling til, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner om Byregionprogrammet.

Fase 1 av programmet starta våren 2014, og målet var etablering av samarbeidet internt i søkarregionen, gjennomføring av en samfunnsanalyse og på bakgrunn av denne velge eit tema som søkerregionen vil jobbe vidare med i fase 2.

Målet med fase 2 er at deltakerane skal finne fram til og iverksette lokalt forankra strategiar og tiltak. Desse skal utviklast innanfor eit tema/samfunnsområde med utgangspunkt i det økonomiske samspelet mellom byen og omlandet. I juli 2015 tildelte Kommunal- og moderniseringsdepartementet 87 millionar kroner til regionane for perioden 2015 – 2018.

Kommunar og regionar

Det er 37 byregionar med tilsaman 213 kommunar med i Byregionprogrammet. Storleiken på regionane varierer frå Aust Lofoten med sine to kommunar til Region Namdal som har tretten samarbeidande kommunar. Oversikt over regionar og kommunar som er med finn du her. Regionane som er med har både ein- og fleirkjernestruktur, og det er med både storbykommunar og fleire av dei minste distriktskommunane. 16 fylke er representert, og det er Nordland som toppar statistikken med 25 kommunar fordelt på fem regionar. Oversikt over tildelingar og temavalg i dei ulike regionane finn du her.

Distriktssenteret si rolle

Distriktssenteret har ansvar for å etablere og drifte eit nasjonalt læringsnettverk mellom deltakarane i programmet. Formålet med læringsnettverket er å styrke kunnskapsbygging og kunnskapsdeling mellom deltakarane og bidra til vidare kunnskapsformidling til andre. Det er lagt opp til to nasjonale nettverkssamlingar i året i perioden 2015 – 2018.  Distriktssenteret har óg ansvar for å formidle relevant kunnskap. På nettsida distriktssenteret.no/byregionprogrammet finn du artiklar med ein kort presentasjon av alle byregionane med søknad og samfunnsanalyse, i tillegg til annan relevant kunnskap.

På KMD sine nettsider finn du meir infomasjon om programmet.