Attraktiv nærings- og kompetansestruktur

Vest-Telemark har under utvikling sterke næringshagemiljø i sentrumsområda til alle tilknytte kommunar. Gjennom utvikling av samspelet mellom næringshagar, næringsliv, kommunar og regionen skal prosjektet bidra til ei kopling mellom regionens omland og sentrumsstruktur.

Fra Vest-Telemark sin søknad til Byregionprogrammet:

Samfunnsanalysa for Vest-Telemark tydeleggjer manglande samspel mellom kommunane, låg bustadsattraktivitet samt få nyetableringar som dei primære flaskehalsane for utvikling i regionen. Prosjektet skal møte desse utfordringane ved å bidra til utvikling av ein robust fleirkjernestruktur i Vest-Telemark med utgangspunkt i framveksten av regionens næringshagar i tilknytta kommunar. Samspelet mellom næringshagar, næringsliv, kommunar og region står sentralt i utviklinga mellom omland og sentrumsstruktur. Prosjektet har desse måla:

  • Utvikle sterke regionale ”motorar” i alle regionens kommunesentra som verkar attraktive for rekruttering av arbeidstakerar og utvikling av eksisterande og nytt næringsliv og næringskjeder.
  • Utvikling av solid kompetansemiljø som kan representere spisskompetanse på respektive fagfelt til beste for heile regionen for å auke det økonomiske samspelet mellom næringsmiljøa.
  • Styrke samarbeidet mellom offentleg og privat sektor i skjeringspunktet mellom lokale næringshagar og kommunal samfunnsutvikling og tenester.
  • Auke regionens bustadsattraktivitet gjennom erfaringsutveksling der ein koplar ein attraktiv arbeidsmarknad med varierte bumiljø i heile regionen.

Prosjektet byggjer opp under ei rekke samanfallande satsingar på utvikling av nærings- og kompetansemiljø i heile Vest-Telemarkregionen som er eit arelrikt område med sprett busetting.

Fakta Vest-Telemark

Søkerkommune: Tokke
Samarbeidskommuner: Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Vinje
Folketall i regionen: 14.146 (1.jan 2015)
Areal i regionen: 6.819 km²