Åseral kommune – Vest-Agder

Åseral er rik på ressursar, og vil gjerne dele med andre. Innvandring hindrar nedgang i innbyggjartalet.

Åseral kommune deler gjerne goda med fleire, og kan skilte med Eikerapen Festival og sykkelløp om sommaren. (Foto: Tor Erik Schrøder)

Åseral kommune deler gjerne goda med fleire, og kan skilte med Eikerapen Festival og sykkelløp om sommaren. (Foto: Tor Erik Schrøder)

– Den største utfordringa er å halde ein jamn auke i folketalet. Fødselstala er for låge no, og dette er fort negativt for barnehage og skule. Innvandring har berga oss i ein periode, fortel ordførar Oddmund Ljosland.

Satsar på reiseliv og hyttebygging

– Vi prøver å bli billigare i drift, for mellom anna å ha pengar til å investere i infrastruktur eller kommunale bygg. Vi har satsa mykje på prosjekt i hytteområda. Reiseliv og hyttebygging er blitt svært viktig hjå oss. Gjennom å satse på å bygge infrastruktur, skaper vi varige verdiar som gir grunnlag for nye arbeidsplassar. Åseral er positiv til kraftutbygging. Dette sikrar både kommunale inntekter og vonleg varige arbeidsplassar, seier Ljosland.

Neste åra er eit milliardprosjekt planlagt i ÅSERALX. Dersom konsekvensutgreiingane syner seg å vere positive, stiller kommunen seg positiv til utbygging av både vatn, vind og småkraft.

Støttar næringsliv og husbygging

Kommunen har tilskotsordningar til næringsutvikling og kompetanseheving.

– Vi har og tilskot til bustadbygging utanom kommunale bustadfelt (kr. 200.000).
Mottoet i kommuneplanen er: Åseral ei positiv kraft. Vi har rike ressursar; natur, miljø og menneska. Dette ynskjer vi å dele med fleire. Derfor er vi og positive til å bruke og utnytte naturen på ein berekraftig måte, avsluttar ordføraren.

Distriktssenteret meiner

– Når det handlar om næringsliv er Åseral ein sårbar kommune. Dette skuldast stor utflytting av unge menneske og menneske i arbeidsfør alder, som ikkje flytter attende. Dei tre kommunane Åseral, Audnedal og Hægebostad har ved hjelp av LUK-midlar tilsett ein fagperson for å styrke arbeidet med plan- og utviklingsoppgåver. Erfaringane er positive. Fylkeskommunen blir no trekt tidlegare inn i planarbeid og prosjekt, noko som sikrar kvaliteten på arbeidet, seier rådgivar ved Distriktssenteret, Roar Werner Vangsnes.

Les statusvurdering fra Åseral