Fagområde: Tilflytting

Familieinnvandra kvinner i distriktet

Innvandrarkvinner – ein ressurs i det norske samfunnet.

Bulyst-prosjektet ”Familieinnvandra kvinner i distriktet”, i regi av KUN senter for kunnskap og likestilling, får prosjektstøtte frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Målet med prosjektet er å utvikle ein arbeidsmodell for kommunar, slik at dei betre kan integrere familieinnvandra kvinner i lokalsamfunnet. Dette er ei gruppe av innvandrarar som fell utanfor mange andre offentlege ordningar retta inn mot innvandrarar. Familieinnvandra kvinner kan vere ein stor ressurs for mange distriktskommunar om dei blir integrert i lokalsamfunnet. Metodar utvikla gjennom dette prosjektet kan vere nyttige for andre distriktskommunar.

Prosjektet fekk tildelt 507 500 kroner i Bulystmidlar i 2012.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.