Varnjargga – Varanki – Varangerhalvøya

Varangerhalvøya har det mest arktisk prega landskapet på fastlands-Norge. Samiske, kvenske og norske historier skal kartleggjast og brukast.

Varanger nasjonalpark og verneområda rundt skal forvaltast og brukast på ein bærekraftig måte, som bidreg til lokal og regional utvikling. For å nå denne målsetnaden, må natur- og kulturstiane skiltast, eksisterande hytter restaurerast og fuglereservata skal få fotoskjul og informasjonsplakatar.

Kulturminne frå steinaldertida

Området har kulturminne frå eldre steinalder. Spreitt langs kysten er det spor etter faste eller mellombelse buplassar, fangstanlegg for villrein, og samiske heilagdomar og offerplassar. Prosjektet skal finne ut om det er mogeleg å etablere Varanger natur- og kulturpark, etter modell frå dei europeiske regionalparkane.

Nytt liv i hytter og gammer

Varangerhalvøya har tidlegare vore lite tilrettelagt for publikum. For å lukkast er det viktig å få på plass infrastruktur som tek vare på naturverdiane og kvalitetane i området. Eksisterande hytter og gammer inne i nasjonalparken skal rehabiliterast, og gjerast tilgjengeleg for publikum. Det same gjeld for ulike tiltak i kulturlandskapet.

Kuturarv på tre språk

Prosjektet ønskjer å utvikle ulike undervisningsopplegg med ekskursjonar for elevar, studentar og næringsliv i høve til nasjonalparken og verneområda. Både samiske, kvenske og norske forteljingar kan kartleggjast og brukast i formidlinga.

Naturarven som verdiskapar

Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet Naturarven som verdiskapar.

Prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.