Fagområde: Inkludering

– Volda såg oss

Ekteparet frå Burundi og Rwanda har bestemt seg for å skape eit liv i mørebygda. Dei er blitt aktive, synlege og ikkje minst, likeverdige innbyggjarar i full jobb.

– Javisst stiller vi opp til intervju, er det kontante svaret frå Charlotte Ingabire og Mao Déogratias. Vi bestemmer oss for å møtast på kaféen Nabolaget i dei smale gatene i utdanningsbygda på Sunnmøre.

– Vi går mykje på kafé, har bestemt oss for at vi vil vere ein synleg del av lokalsamfunnet her, seier dei. Kafégjester i ulike aldrar og nasjonalitet, kjem og går. Mange smiler og helsar på dei to.

– Vi er alle «bøker»

Ein annan afrikanar, Today, slår seg ned ved kafébordet og blir med på intervjuet. Han går på norskkurs i Volda, er jazzmusikar, skal halde fram med utdanning innafor fysioterapi i Bergen til neste år. Vi – nordmenn eller innvandrarar – har alle våre historier. Vi er alle unike «bøker». Menneskebiblioteket der man låner bøker er eit konsept som Norsk Folkehjelp bruker i sitt arbeid, fortel paret som har stilt opp som «bøker» på inkluderingskonferanse i Molde i regi av øde Kors.

Valde ikkje Norge

– Eg valde ikkje Norge. Mars 2006 kom eg til eit asylmottak i Førde. Men eg valde Volda fordi det er ein utdanningskommune. Eg hugsar ikkje kva anna kommune eg fekk tilbod om, fortel Charlotte. Med seg frå Rwanda har ho universitetsutdanning innafor administrasjon. Det skulle ta to år før det norske systemet klarte å gi positivt svar på godkjent utdanning. Kva skjer med drivkrafta til personar når ventetida blir så lang?

Ulik innvandrarstatus

Mao hadde ein annan veg til Volda. Etter sju år i Paris med arbeid som mellom anna brannmann og lastebilsjåfør, valde han Charlotte og Volda. I lang periode måtte han reise ut av Norge kvar tredje månad for å fornye opphaldsløyve. Det er eit tungvint og fordyrande system. Paret har dermed erfaring på kva det inneber å ha ulike innvandrarstatusar: Den eine får ulike tilbod og støtte, den andre må klare alt sjølv.

Systemet straffar tiltakslyst og engasjement

Charlotte fekk tilbod om introduksjonsprogrammet som går over to år. – Eg byrja på programmet, men fann ut at det gikk for seint fram for mi utålmodige sjel. Eg ville kome i gang med livet mitt i Norge, eg ville lære norsk raskare og på eit høgare nivå. Eg droppa introduksjonsprogrammet, og starta på norsk for studentar ved Høgskulen i Volda – takka vere ein person som såg meg og hjalp meg med denne snarvegen. For dette valet mista eg ein del av den økonomiske støtta. Systemet straffar den som har ei eiga drivkraft, og er ivrig etter å kome i gang som ein likeverdig part av det norske samfunnet.

Prisgitt å treffe rett person

Mao fekk ingen tilbod, men takka vere nordmenn som ser mulegheiter i stadenfor hindringar, som finn fram til snarvegar heller enn bomvegar, fekk han sjansen til å vise at han kan og vil. – Det er avgjerande å treffe dei rette personane. Dei som ser deg og som vil at du skal kome så langt som du kan. Frå september 2010 har begge arbeid i Volda kommune, i mellom anna eit bofellesskap for einslege mindreårige flyktningar.

Organisasjonslivet er nøkkelen til ulike miljø

Gjennom aktiv deltaking i frivillige lag og organisasjonar har paret fått eit stort nettverk i mange ulike miljø.

– Vi vil lære den norske kulturen å kjenne, og då må vi vere aktive deltakarar, seier dei. Dei ramsar opp ulike organisasjonar/miljø dei er eller har vore medlemar av i heimbygda: Røde Kors, ulike kristne miljø, jazzklubben, aktiv i Volda skisenter, Sanitetskvinnene, ulike kvinnekurs. Etter kvart blir andre innvandrarar med i desse miljøa. Dei to ser at dei fungerer som rollemodellar for andre. Ei oppgåve dei gjerne tek på seg. Dugnad og det å ha småbarn er gode inngangsbillettar for å treffe folk som ein har noko felles med. – Deltaking gir identitet, konkluderer dei.

Elskar naturen og roen

– Rotevatnet er som eit paradis for meg! Kvar dag går eg rundt vatnet. Etter kvart blir folk van med å sjå deg like å gjere det same som dei. Livet dreier seg om samvær og samhald, seier Mao, som aller helst vil kjøpe eit hus utanfor sentrum – med utsikt over Rotevatnet eller Voldafjorden.. Det auka kravet om eigenkapital er eit hinder mange – også unge nordmenn – møter.

– Vi renne på ski, og går toppturar, seier dei og røper at dialektorda har funne sin naturlege plass i språket. Mia på fire år er kav sunnmøring.

Det beste rådet Charlotte og Mao kan gi andre innflyttarar – anten dei er utanlandske eller norske – er:

  • Ta initiativet sjølv
  • Les lokalavisa
  • Møt opp der det skjer ting
  • Meld deg inn i lag og foreningar
  • Lær deg å tolke signal på rett måte

– Nordmenn har ofte tett program, og dårleg tid. Dei fer avgårde rett etter møte. Vi tolka det som om dei oversåg oss, men det treng ikkje bety det. Etterkvart blir ein betre og betre kjende. Også innvandrarar har mykje å lære om korleis vi tolkar signal.

Smil og samtale som salve på hjarta

– Det er ikkje berre typisk norsk å vere skeptisk og redd det ukjente. Vi må gi nordmenn tid til å akseptere oss, men dess meir vi får bidra, dess raskare blir vi akseptert og likeverdige. Inkludering må vere ei nasjonal satsing. Ta vare på dei nye. Dei kan bli din framtidige nabo. Å smile og prate med oss, det er som salve på hjarta, seier Mao og gnir handa over hjarta.

Har ambisjonar

– Vi er her i dag, mot alle odds. Eg har ambisjonar for livet mitt. Eg vil gjerne jobbe med sosiale og inkluderingsprosjekt – på kommunalt eller nasjonalt nivå.

– Vi må ha guts, vere viljesterke og ha eit mål med liva våre. Visst har vi av og til heimlengt, men vi må akseptere at det er her liva våre er no, og vere til stades i dei, seier dei to.

Gullgruve for lokalsamfunn

Kultur- og næringsssjef Gunnar Andenes og dagleg leiar ved frivilligsentralen, Astrid Gjersdal, tok i mot paret med opne armar.

– Eg hugsar mitt første møte med Mao. Han troppa opp på frivilligsentralen, ivrig og open etter å vere ein aktiv del i bygda. Dei er ei gullgruve for organisasjonslivet, som står sterkt i Volda. Mao syng ikkje i kor, men han står brannvakt under store konsertar, seier ho.

Mao parerer rosen slik: Astrid er flink med å informere og inkludere oss i ting som skjer. Det er viktig!

Inkludering er eit samfunnsansvar

– Arbeid med inkludering må løftast opp i formannskap og kommunestyret. Dei ulike underutvala har ikkje den makta som skal til, meiner kultursjefen, som sjølv har vore på danningsreise i Kenya. Kommunen har utvekslings- og samarbeidsprosjekt som dei lærer mykje av.

– Gode folk, trekkjer gode folk, blir konklusjonen på samtalen.

Dei er gode rollemodellar – for utanlandske og norske – som vil skape seg eit liv i Distrikts-Norge. Det er på tide med eit varsku til kommunane om å sjå denne unytta ressursen.

Stikkord: