Fagområde: Bolig og bomiljø

Gode eksempler på boligstrategiske tiltak

Har din kommune bustadutfordringar? Kva tiltak virkar? Korleis gjere det? Rapporten «Boligstrategiske tiltak i distriktene» dokumenterer kva tiltak eit utval kommunar har gjort, korleis og kva erfaringar og resultat dei sit att med.

På oppdrag frå Distriktssenteret har Rambøll dokumentert gjennomførte bustadstrategiske tiltak i mindre distriktskommunar. Ein sluttrapport og eit eige erfaringshefte løftar fram døme på korleis ulike bustadstrategiske tiltak er prøvde ut, og korleis kommunen har teke aktive grep rundt bustadutvikling som faktor for lokal og regional utvikling.

Typiske utfordringar og kjenneteikn

Bustadutfordringane i mindre distriktskommunar er knytte til små, usikre og stagnerande bustadmarknader. Typiske kjenneteikn er at bustader står tomme, men likevel ikkje er tilgjengelege. Dei er blitt feriebustader, eller eignar seg ikkje lenger til å bu i. Den økonomiske risikoen fører til lite nybygging. Bustadtilbodet er lite variert og møter ikkje godt nok behov og ønskje hjå ulike befolkningsgrupper. Her er særleg mangel på gode utleigebustader.

Kunnskap om gjennomføring, resultat og gevinstar

Erfaringsheftet presenterer døme på seks realiserte bustadstrategiske tiltak. Døma skildrar korleis dei ulike tiltaka er organisert og gjennomført, og kva resultat og gevinstar kommunen erfarer frå den bustadstrategiske satsinga. Heftet skal vere eit konkret bidrag til kommunale og regionale bustad- og busettingsstrategiar.

Læringsverdi i dei gode døma

Rapporten presenterer eit breiare utval av Gode eksempel på bustadstrategiske tiltak, og går djupare inn i typiske bustadutfordringar for distriktskommunar. Her blir også sentrale faktorar for å lukkast med bustadstrategisk arbeid løfta fram. Kommunen si rolle blir lagt særleg vekt på. Rambøll drøftar også fellestrekk mellom dei ulike bustadstrategiske prosessane og i kva grad desse kan reknast som avgjerande faktorar, også utover dei utvalgte døma.

Dei bustadstrategiske tiltaka

Følgjande tiltak blir presenterte i rapporten:

  • Heilskaplege bustadstrategiske satsingar i Herøy (N) og Vegårshei
  • Strategisk bustadplanlegging i Rollag
  • Stimulering til bustadbygging i Hamarøy, Sørfold, Herøy (N), Grong og Gildeskål
  • Utnytte eksisterande bustadmasse i Ullensvang, Gildeskål og Vegårshei
  • Satsing på førstegongsetablerarar i Stjørdal
  • Tilrettelegge for tilflyttarar og prøvebuarar i Austevoll og Vinje

Kommunar med mål om å jobbe med bustad- og busettingsstrategiar som del av lokal/regional nærings- og samfunnsutvikling, vil finne konkret kunnskap om gode grep og vellukka gjennomføring i dette dokumentasjonsarbeidet.