Fagområde: Bolig og bomiljø

Boligpreferanser i distriktene

Einebustaden dominerer bustadtilbodet i distrikta. Men skal distriktskommunane vere attraktive bu- og arbeidsmarknader, må tilbodet bli meir variert. Dette er eitt av hovudfunna i rapporten Bustadpreferansar i Distrikta.

Nye befolkningsgrupper, nye livsstilar og endra bustadpreferansar utfordrar bustadutviklinga i distriktskommunane. Skal kommunane vere attraktive bu- og arbeidsmarknadar, må bustadtilbodet vere variert og ta opp i seg kvalitetar ved staden og bumiljøet.

Rapporten gjev innblikk i bustadtilbodet til folk som bur i og flyttar til distrikta, og kva kommunane gjer. Rapporten tek fram kva bustadpreferansar folk har, og drøftar på kva måte kvalitetar ved bustaden, bumiljøet og staden har betydning for busetting og flytting. Til sist blir det peikt på kva som kan vere gode grep for bustadutvikling i distriktskommunane.

I tillegg til rapporten, er det utarbeidd eit kortformhefte, som tek føre seg sentrale funn og forslag til bustadstrategiske grep. Sjå vedlegg.

Lite tilgjengeleg og manglande variasjon

Mange distriktskommunar har dei siste åra erfart at bustadsituasjonen har vore vanskeleg. Låg nybygging, overvekt av eldre einebustader og ein svært begrensa utleigemarknad har ført til eit lite variert tilbod og endåtil mangel på tilgjengelege bustader. Samstundes har både kommunar og verksemder ønskje om og behov for å trekke til seg nye innbyggjarar og meir arbeidskraft.

Variert, med vekt på lokale kvalitetar og i riktig målestokk

Einebustaden dominerer og er framleis ei føretrekt buform, særleg blant småbarnsfamiliar. Samstundes treff dette tilbodet langt frå alle: Ungdom, unge i etableringsfasen og arbeidsinnvandrarar har meir samansette behov, men verken private utbyggarar eller kommunar synast ha særleg merksemd på å utvikle tilbod retta mot desse gruppene. Dette er eit paradoks, når vi veit at dei same gruppene er svært viktige både for kommunar og verksemder i distrikta.

Ein konklusjon i rapporten er at dersom kommunane skal vere attraktive bu- og arbeidsmarknader, må bustadtilbodet ivareta nye befolkningsgrupper, nye livsstilar og endra bustadpreferansar. Tilbodet må vere variert, ta opp i seg vektlagde kvalitetar for bumiljøet og ved staden, og ha rett målestokk. Få endringar kan gjere store utslag i små marknader.

Punktvis oppsummering av hovudfunn

  • Einebustaden er dominerande og føretrekt buform, særleg blant småbarnsfamiliar.
  • Kommunal bustadplanlegging betyr i hovudsak å legge til rette for bygging av einebustader.
  • Situasjonen i dag er eit bustadtilbod med liten variasjon og manglande tilbod til grupper som ungdom, førstegongsetablerar og arbeidsinnvandrarar.
  • For småbarnsfamiliar handlar bukvalitet særleg om barnevennlege omgjevnader: nær naturen og i sosiale nabolag med folk i same livsfase. Særleg tilbakeflyttar-familiar buset seg gjerne utanfor kommunesenter-kretsen, men føresetnaden er at det finst barnehage- og skuletilbod i nærleiken.
  • Arbeidsinnvandrarar som er komne i fastare arbeidsforhold har ønskje om å eige hus sjølv; rimelege einebustader som dei kan setje i stand sjølve.
  • Arbeidsinnvandrarar som ikkje veit kor lenge dei blir buande, ønskjer å  leige rimelege bustader, gjerne sentrumsnært.
    Blant unge eldre skjer det ei livsstils- og mentalitetsendring som har fått utslag i nye bustadpreferansar: Fleire tenkjer på flytting, eller har flytta, til meir sentrumsnære og lettstelte bustader. Ein viktig kvalitet er det sosiale bumiljøet og tryggheit
  • Samstundes er det ei gruppe eldre som er opptekne av å bu lengst mogeleg i einebustaden.
  • Distriktskommunane har hatt lite fokus på bustadutvikling dei siste åra
  • Samstundes som kommunar og verksemder i distrikta er opptekne av å trekke til seg innbyggjarar og arbeidskraft, er det gjort lite strategiske vurderingar rundt bustadtilbodet
  • Kommunen og private utbyggarar ser ut til å lite merksemd særleg på bustadbehova til ungdom, unge vaksne, arbeidsinnvandrarar. Desse gruppene synast å falle mellom to stolar i bustadplanlegginga.
  • Bustadutvikling skjer i samspel mellom kommunen og private utbyggarar, men samarbeidet synast å ha ei viss distanse.
  • Utbyggarane etterlyser ein meir pro-aktiv og koordinerande innsats frå kommunen.
  • Kommunen på si side er redd for å forfordele og å blande seg i private eigedomsforhold.

Gode grep for eit betre bustadtilbod

På bakgrunn av case-studien og funn frå andre undersøkingar, gjev NIBR fleire råd til kommunen som bustadstrategisk aktør:

  • Samla oversikt over bustadmarknaden på kommunens heimeside
  • Legge til rette for utbygging av mindre bustader
  • Interkommunalt samarbeid
  • Samarbeid mellom kommunen, utbyggarar og næringsliv
  • Samarbeid med private bustadeigarar – frigje bustader, tomter til bustadetablering….
  • Involvere ulike aldersgrupper i boligutvikling
  • Marknadsføre både rurale og urbane kvalitetar
  • Behov for boligbyggeprogram
  • Aktiv bruk av Husbankens låne- og tilskotsordningar

Case-analyser i botn

Studien er gjennomført av NIBR, på oppdrag frå Distriktssenteret. Denne byggjer på analyser gjort i fire case-kommunar (Skjervøy, Sandnessjøen, Nord-Aurdal og Eid), kopla med eksisterande kunnskap om samanhengar mellom bustad, bumiljø og stadkvalitetar, og motiv for flytting og busetting.