Valle kommune – Aust-Agder

Valle har den same utfordringa som så mange andre småkommunar: halde folketalet oppe. Dei siste ti åra har pila peika nedover.

Småbruksprosjektet førte til 25 fleire innbyggjarar – i tillegg til nyttig kunnskap og erfaring. (Foto: Valle kommune)

Småbruksprosjektet førte til 25 fleire innbyggjarar – i tillegg til nyttig kunnskap og erfaring. (Foto: Valle kommune)
Foto: Anders Martinsen fotografer

I 2009-2012 hadde kommunen eit småbruksprosjekt. Målet var å få folk inn i ti fråflytta småbruk. Fasiten vart 25 nye innbyggjarar.

– Prosjektet gav mykje verdifull kunnskap om kvifor bruk står tomme og kor mange faktorar som blokkerer for ny busetnad. Etter at prosjektperioden er over registrerer vi framleis positive effektar. Vi vidarefører og det beste i prosjektet i det daglege arbeidet i kommunen, seier ordførar Tarald Myrum.

Utfordringar

– Som ein liten organisasjon har vi store planutfordringar med mellom anna kraftutbygging og store verneområde fortel han vidare. – Vi har for liten kapasitet til å ha ein aktiv næringspolitikk, og er sårbare for endringar.

Mange i kommunen arbeider i oljesektoren. Dei gode lønene folk kan oppnå innan denne sektoren reduserer rekrutteringa til mindre lønsame verksemder i kommunen. Dette er eit reelt problem i dag.

Løysingar

For å møte utfordringane dei deler med mange andre småkommunar, har Valle kommune satsa sterkt på interkommunalt samarbeid. Gjennom Setesdal regionråd samarbeider Valle med nabokommunane Bykle, Bygland, Evje og Hornnes om infrastruktur og næringsutvikling.

– Arbeidsområde som brannvern, redning og renovasjon er også løyst gjennom interkommunalt samarbeid, – i tillegg til at vi har felles helseavdeling med Bykle kommune, fortel ordføraren. Han legg til: Vi satsar elles på ei generell kvalitetsheving av kommunen si sakshandsaming, handtering av «kundar» og ei positiv grunnhaldning. Han ser på Distriktssenteret som ein viktig aktør i samband med studieturar, seminar og etablering av nyttig kontaktnett.

Distriktssenteret meiner

– Valle er ein sårbar kommune når det gjeld næringsutvikling. I all hovudsak er det ganske låg inn- og utpendling som er årsaka til dette. Pendlinga har auka dei siste åra, men avstandane er store. Valle har sagt at dei skal vera gjestfrie for nye tankar, noko vi i Distriktssenteret ser positivt på, seier rådgjevar Roar Werner Vangsnes. – Kommunen har ein kommuneplan som dei sjølv seier er utgått på dato. No er dei opptekne av å gå i gang med eit nytt strategisk utviklingsarbeid. Her kan omdømmesskulen til Distriktssenteret vera ein viktig arena for kommunen, der dei vil lære å bruke eit verktøy for dette strategiske utviklingsarbeidet, avsluttar Vangsnes.