Bygland kommune – Aust-Agder

Sjølv med statusen ”beste kommunen i fylket”, aukar ikkje innbyggjartalet i Bygland.

Dei ligg idyllisk til dei nye husa ved Byglandsfjorden, med god tilrettelegging for fine spaserturar ved vatnet. (Foto: Marit S. Kvaale)

Dei ligg idyllisk til dei nye husa ved Byglandsfjorden, med god tilrettelegging for fine spaserturar ved vatnet. (Foto: Marit S. Kvaale)

– Vår største utfordring er nedgang i folketalet. Vi leverer gode tenester, kommunebarometeret til Kommunal Rapport kåra oss til Aust-Agder sin beste kommune i 2013 – og vi klarer å rekruttere fagfolk, fortel ordførar Leiv Rygg. – Men vi har så langt ikkje klart å få folk til å slå seg ned her. Difor har vi utfordringar med få ungar i skulen og minkande inntekter på grunn av nedgang i folketalet.

På leit etter den rette personen

– Gjennom samarbeidet i Setesdal regionråd vert det arbeidd med fleire prosjekt der vi og dei andre kommunane i regionrådet løyser oppgåver som vi kvar for oss er for små til å makte med. Regionsamarbeidet er også viktig for oss i omdømmesamanheng og i marknadsføringa av Bygland kommune og Setesdal seier ordføraren.

– Vi søkjer etter ein innovativ, engasjert og dedikert person til å arbeide med næringsutvikling i kommunen. Vi har fokus på å utvikle dei kommunale tenestene. Og vi har konkrete saker for å få bustader som passar for unge barnefamiliar og eldre som vil bu meir lettvint, seier Rygg.

Prosjektarbeid er ofte ein tidstjuv

– Det er nyttig å vere med på prosjekt når det er råd å få midlar til ymse utviklingsarbeid og for å løyse nye oppgåver; til dømes samhandlingsreforma. Det er likevel eit stort «men» – dette er ofte ein tidsstjuv. Rammene for arbeidet blir gjerne ikkje heilt slik vi ønskjer, innrømmer han. – Kompetanse opparbeida i prosjekt har ein tendens til å bli med prosjektleiaren ut av lokalsamfunnet når prosjektet er ferdig. Vi ønskjer å få til god lokal samfunnsutvikling over tid.

– Eg vil påstå at det hadde vore mykje enklare, og truleg nyttigare, om det hadde blitt skore kraftig ned på midlar til ulike prosjekt, og at desse midla i staden hadde blitt delt ut direkte til kommunane som utviklingsmidlar. Då kunne vi brukt dei direkte dit vi meiner dei ville vere nyttige. Byråkratiet ville jo og ha blitt monaleg redusert av dette, meiner ordførar Rygg.

Distriktssenteret meiner

– Bygland har eit godt utgangspunkt for å styrke utviklingskrafta i kommunen, trass i nedgang i folketalet, meiner rådgjevar ved Distriktssenteret, Roar Werner Vangsnes. – Den politiske leiinga med kommunestyret i ryggen har ei positiv innstilling til å få gjennomført tiltak som gir resultat i utviklingsarbeidet. Her kan Småkommuneprogrammet vere ein døropnar, der det blir viktig å kople arbeidet endå sterkare til regionrådsamarbeidet for Setesdal. Kanskje skal ein sjå på korleis utviklingsarbeidet skal skje i nye former både for kommunen sjølv og i eit regionalt bilde, avsluttar Vangsnes.