Hægebostad kommune – Vest-Agder

Hægebostad har gått frå å vere ein landbrukskommune til å verte ein kommune som satsar sterkt på industriarbeidsplassar. Dette hamskiftet krev nye grep.

Hægebostad er ein av få kommunar i Småkommuneprogrammet som har aukande innbyggjartal. (Foto: Hægebostad kommune)

Hægebostad er ein av få kommunar i Småkommuneprogrammet som har aukande innbyggjartal. (Foto: Hægebostad kommune)

– Utfordringane er som mange andre stader; å halde folketalet oppe og å skaffe arbeidsplassar, seier ordførar Ånen Werdal.

Kommunen har dei siste to åra utvida det gamle industriområdet, Skeie. Sjølv utan marknadsføring har området vekt interesse, og oktober 2013 står tomta asfaltert og klar, med alt det tekniske lagt til rette for bedrifter som vil etablere seg.

Viktig kunnskap i planlegginga

– Vi måtte ta nokre nye grep då vi vart klar over at 36 prosent av alle arbeidstakarane i kommunen arbeider innafor industrien, utanom handel og offentleg arbeidsplassar. Det er ei utfordring å leggje til rette og å ta vare på desse arbeidsplassane, seier Werdal.

Hægebostad samarbeider tett med Innovasjon Norge, Fylkesmannen, Fylkeskommunen. Kommunen i tillegg er tilknytta Lister regionråd som i tillegg til Hægebostad består av Lyngdal, Farsund, Kvinesdal, Flekkefjord og Sirdal. Samstundes har kommunen tette koplingar til dei to innlandskommunane i nord og aust – Åseral og Audnedal.

Satsar på ny industri

– Stavangerområdet er eit pressområde. Vi har involvert oss i oljeindustrien, og vil gjere oss kjent som ein kommune open for industrietablering. Vi liker å kalle oss helseindustrikommunen, der vi mellom anna byggjer opp ein friskliv-sentral, held ordførar Werdal fram.  – Vi har ikkje råd til å bruke millionsummar på dette, men kursar oss no for å lære korleis vi skal marknadsføre kommunen vår; gjennom stands, møte, annonse og ulike mediekanalar.

Hægebostad er ein av få kommunar i Småkommuneprogrammet med positiv folketalsutvikling. Utpendlinga er høgare enn innpendlinga. Det kan ein tolke som at kommunen er attraktiv å bu i.

Distriktssenteret meiner

– Kommunen er svært sårbar fordi det er stor utflytting av unge menneske og menneske i arbeidsfør alder, som ikkje flytter attende. Dei tre kommunane Åseral, Audnedal og Hægebostad har ved hjelp av LUK-midlar tilsett ein fagperson for å styrke arbeidet med plan- og utviklingsoppgåver. Erfaringane er positive. Fylkeskommunen blir no trekt tidlegare inn i planarbeid og prosjekt, noko som sikrar kvaliteten på arbeidet, seier rådgivar ved Distriktssenteret, Roar Werner Vangsnes.

Les statusvurdering fra Hægebostad