Kommunane si rolle i Lister reiseliv

Lister Reiseliv – ei spanande samanslutning av 6 kommunar. Distriktssenteret har kartlagt kommunane si rolle i reisemålsselskapet.

Lister reiseliv  er eit felles organ for produktutvikling, koordinering, kvalitetssikring og marknadstiltak for bedrifter, organisasjonar og kommunane Hægebostad, Flekkefjord, Sirdal, Farsund, Kvinesdal og Lyngdal. Distriktssenteret har gjennom 2011 vore tett på destinasjonsselskapet og har i samarbeid med Mimir AS fått gjennomført ein case-studie om kommunane si rolle i reisemålsutvikling. Lister Reiseliv har vore med i undersøkinga, saman med 8 andre regionar i Norge. Fokuset i undersøkinga har vore på kommunane sine fire viktige roller som kommunane må ha, når ein skal få til god reisemålsutvikling. Det er;

  • kommunen som produkteigar
  • kommunen som rammesetjar
  • kommunen som utviklingsaktør
  • kommunen  si vertskapsrolle.

Vi har trekt fram nokre døme som er kopla til dei fire rollene som kommunane har i høve til reisemålsutvikling

Som produkteigar

Alle dei 6 kommunane i regionen syner på ein god å ivareta rolla som produkteigar gjennom ei sterk satsing på utvikling av offentlege rom. Eit døme er arbeidet som Flekkefjord har gjort i samband med “småbyen Flekkefjord”. Her har kommunen nytta betydlege ressursar for å gjere sentrum endå meir tilgjengeleg både for fastbuande og for dei tilreisande til kommunen. Dette har skjedd i godt samarbeid med handelsstanden og det øvrige næringslivet. Kommunen har opplevd å få negativ omtale i samband med tilrettelegging av areal til næringsføremål. Det har svekket omdømet til Flekkefjord, og dei ser at dei  må vere klar over effekten av handlingane sine, og jobbe med å styrke omdømet. Det påverkar rett og slett konkurransekrafta til kommunen.

Som rammesetjar

Fleire av kommunane i regionen er gode rammesetjarar for reisemålsutvikling. Den minste av kommunane, Hægebostad, har i sin kommuneplan sett av fleire område til utviklinga av reiseliv i kommunen. Den siste store satsinga i kommunen, har vore etableringa av Tingparken, som vart offisielt opna av fylkesmannen den 23. juni 2011. Har har kommunen vore ein viktig premissleverandør for å kunne legge tilrette for arealutnyttinga i samband med etableringa av Tingparken. Dette viser at kommunen har fokus på tilrettelegging for nyetableringar, men også utvidingar av eksisterande reiselivsverksemder.

Som utviklingsaktør

Kommunane i Lister-regionen, har organisert sitt næringsarbeid på ulike måtar, og i nokre kommunar er fokus på reiselivet større enn andre. Dette gjeld mellom i anna i Sirdal, der reiselivsnæringa er ein viktig del av den verdiskapinga som skjer i kommunen. Her har dei putta inn mykje ressursar til reiselivsnæringa både i midlar og gjennom arbeidskraft frå kommunen si side. Dei har vore inne på eigarsida i Sirdalsferie AS, og gir i dag ein betydeleg støtte gjennom kommunen til aksjeselskapet. Sirdal kommune har vist ein seg å vera ein aktiv utviklingsaktør, der dei på same tid har god kontakt med dei kommersielle interessene i reiselivet.

Som vertskap

Distriktssenteret vil trekke fram ordføraren i Farsund som eit døme, der han tok vertskapsrolla på alvor gjennom sommarsesongen 2010. Då hadde han “fem helgevakter” på turistinformasjonen i Farsund, og kvar helg hadde han med seg ein av sine ordførarkollegaer frå dei andre kommunane i regionen.  Ordføraren fekk ein stor læringsverdi. Ikkje minst forståing av kor viktig heile regionen er som reisemål, og der kommunen har ein svært viktig rolle for tilrettelegging og formidling lokalt.

Kommunane syner ansvar

Geir Tønnessen er direktør ved Farsund Resort, og nestleiar i styret til Lister reiseliv. Han er glad for at kommunane i regionen syner å ta eit ansvar for ei spennande reisemålsutvikling for heile regionen. Han ser også at Lister reiseliv er ein region med store ressursar i dei einskilde kommunane. Det viktige arbeidet i tida som kjem, blir å utnytte desse ressursane endå betre på regionalt nivå, i tillegg til å få med fleire kommersielle aktørar inn i selskapet.

Lister Reiseliv har pr. juni 2011, eksistert i snart to år som eige destinasjonsselskap. Dette er svært kort tid, og Distriktssenteret meiner at både bedriftene og kommunane må gi nyskapinga tid til å setje seg. Desto meir samarbeid ein får til mellom kommunane og næringsaktørane, desto betre forståing og utvikling vil reiselivet få i Lister-regionen. Kommunane må vere medvite sitt kompetansebehov og sine roller i tida som kjem. Frå fylkeskommunen si side, ser dei på Lister Reiseliv, som eit godt eksempel på korleis ein kan klare å bygge opp og forankre eit felles reiselivssamarbeid.