Kommunenes rolle i reisemålsutvikling

Kommunane si rolle er svært viktig når ein skal satsa på reiseliv. Kompetanseheving, rolle- og ansvarsfordeling, gode samarbeidsmodellar og langsiktig heilskapleg satsing er sentrale stikkord.

Mimir AS har kartlagt kommunen si rolle i reisemålsutvikling i 9 utvalde regionar. Ordførarar og rådmenn, destinasjonsselskap, utvalde aktørar i kvar region og fylkeskommunane, har svart på spørsmål i samband med undersøkinga.

Rapporten legg vekt på at kommunane må vera meir medvitne sine roller som produkteigar, rammesetjar, utviklingspartnar og vertskap. dei må må bli endå betre til å forstå korleis destinasjonsselskapa fungerer i sitt området. På same tid er det viktig med samspel mellom dei ulike aktørane. Ei felles forståing for organisering og oppgåvefordeling er avgjerande for å utvikla eit heilskapleg reiseliv.

Rapporten peiker på kor viktig det er å stille krav til at lokale reiselivssatsingar er marknadsbaserte og forankra i vedtekne utviklingsstrategiar i destinasjonen og på fylkesplan. Forpliktande samarbeidsmodellar der ein får brukt engasjementet som eksisterer er viktig, og fører til betre utnytting av ressursar.

Dette er ein del av Distriktssenteret si kunnskapsbygging om kommunane og lokalsamfunna si betyding for å vidareutvikla reiselivet som ei viktig distriktsnæring.