Fagområde: Stedsutvikling

Lokal samfunnsutvikling i Lom

Lom kommune har gjennom fleire år hatt ei langsiktig og strategisk tenking på næringsutvikling inne i og rundt dei verna områda. Nøkkelen vår har vore fokus på kompetanseutvikling og nettverksbygging seier ordførar Simen Bjørgen.

Nasjonalparklandsby og drivkraft i utkantane

I samband med småsamfunnsatstinga i Lom fekk ein til ei satsting på bygdeutvikling i Bøverdalen og ei sentrumsutvikling i knutepunktet Lom sentrum. Det at Lom vart med som ein av fem nasjonalparklandsbyar, ser Bjørgen på som eit resultat av den satsinga som kommunen har hatt på bruk og vern-arbeidet, men på same tid sterkt påkopla småsamfunnssatsinga til Kommunal- og regionaldepartementet. I dag byrjar vi å sjå synergiane av prosjekta, som gjer at vi heile tida har høve til å kunne ha ei oppegåande prosjektleiing som styrer det daglege arbeidet, seier han.

Sentrumsutvikling – viktig for tilreisande og heile kommunen

Lom sentrum er eit viktig knutepunkt for mykje av trafikken mellom Nord-Gudbrandsdalen og Nord-Vestlandet. Difor er sentrumsutvikling i Lom ei sterk og viktig satsing i småsamfunnsprosjektet, fortel prosjektleiar Gry Bystøl. Stadutforming, tilrettelegging for besøkande og ikkje minst å halde det fint og i orden har stor betyding, seier ho. Den siste nyvinning i prosjektarbeidet, er eit turkart med kortare og lengre fotturar med utgangspunkt frå Lom sentrum. I tillegg syner turkartet også ein kultursti i nærområdet, som dei har kalla ”Bergomsrunda”- der natur møter kultur. I tillegg har kommunen i samarbeid med Norsk Fjellmuseum gjennomført kurs i god lokalkjennskap, som er heilt grunnleggande for god service og godt vertskap, seier Bystøl. Om lag 45 personar var med på kurset, og dei håpar å kunne halde fram med fleire kurs i tida som kjem.

Klimaparken 2469 – eit utstillingsvindauge

Den 13. april i 2010 vart planane om å tilrettelegga ein klimapark ved foten av Galdhøgpiggen lagt fram. Målet er m.a. å syne natur kultur og klimaendringar i langtidsperspektiv. Difor er vi svært glade for at vi no kan vise fram den nye istunnelen i Juvfonna ikkje langt frå Juvasshytta, seier Simen Bjørgen. Arbeidet med klimaparken ser han på som ein nyskapande del med basis i småsamfunnssatsinga og bruk og vern-arbeidet i kommunen.