Fagområde: Stedsutvikling

Fargesetting av fasaden i Vangsgata

Vangsgata på Voss har fått miljøgateprofil og nymåla husfasader. Det er resultat av eit økonomisk spleiselag mellom Voss kommune, huseigarar og lokalt næringsliv.

«Fargesetting av fasaden i Vangsgata på Voss» har vore eit prosjekt med sterk kopling til Voss kommune sitt arbeid med stadutvikling, gjennom Miljøgateprosjektet frå 2003. Det overordna målet for stadutviklingsarbeidet har vore å gjere Voss til ein triveleg stad for fastbuande og tilreisande.

Voss kommune kom i 2007 med i det statlege stadutviklingsprogrammet BLEST. Programmet har, med økonomiske midlar og kunnskapsutvikling, støtta oppunder stadutviklingsplanar og prosessar, i ei rekkje kommunar. I prosjektet i Voss var målet å fargesette husfasadane i Vangsgata, etter fargeplan utarbeidd i Miljøgateprosjektet.

Dette blei definert som eit av fleire signalprosjekt i BLEST, der kjenneteiknet er at tiltaket har vore begrensa til konsentrert innsats mot enkeltgater, torg eller bygningar. Opprydding i skilt, ombygging av baldakinar og andre fasadedetaljar har også vore del av dei planlagde tiltaka i Voss. Å gjere Vangsgata kjent for harmonisk fargesetting basert på tilpassa fargebruk frå gjenreisingstida, har vore ei konkret målsetting.

Arbeidet er gjennomført i samarbeid med Voss kommune og Vossevangen huseigarlag, med eit økonomisk forpliktande spleiselag i botn. Huseigarlaget har fungert som eit koordinerande ledd, men dei økonomiske avtalane er inngått mellom den enkelte huseigaren og Voss kommune. Ei arbeidsgruppe har planlagt arbeidet, med tiltaksplan, avtalar og framdrift. Huseigarane har vore ansvarlege for sjølve gjennomføringa av tiltaka, i tråd med avtale mellom kommunen og kvar enktelt huseigar. Nær alle huseigarane i Vangsgata har vore del av samarbeidet.

Eierskap, organisering og formell forankring

Voss kommune har vore eigar og drivar av prosjektet, som er ei vidareføring av kommunen sitt miljøgateprosjekt (2003-2007).

Tanken og målsettingane var soleis godt forankra, då kommunen søkte deltaking i BLEST-programmet; fargeplan, lokale vedtekter for skilting og reguleringsplan for Vossevangen var allereie utarbeidde og politisk vedtekne. I arbeidsgruppa hadde kommunen brei deltaking, med representantar frå fleire fagområde (planavd, byggesak, økonomi). Slik vi vurderer det, var fargesettingsprosjektet soleis «gryteklart». Eksterne midlar var det endelege løftet som skulle til for å realisere godt forankra planar.

Vi vurderer at prosjektet si forhistorie også la grunnen for god dialog og samarbeid med huseigarane og dei næringsdrivande i Vangsgata. Dialogen var allereie etablert og prosjektet kunne bygge på erfaringane frå miljøgateprosjektet. Dette, saman med eit økonomisk spleiselag til gunst for både kommunen og huseigarane, synast å ha vore avgjerande for eit vellukka resultat. Sjå meir om dette under punkt medverknad.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Distriktssenteret meiner at Voss kommune har lagt til rette for brei medverknad frå sentrale interessegrupper som huseigarar og lokalt næringsliv. Dette synast å ha vore avgjerande for at prosjektet fekk tilslutnad frå nær alle huseigarane og slik sikra ei heilskapleg gjennomføring av arbeidet.

Huseigarlaget blei involvert tidleg i prosessen, og deltok i arbeidsgruppa som utforma strategi og plan for korleis arbeidet skulle gjennomførast. Alle huseigarane blei deretter inviterte til informasjonsmøte. Kommunen hadde vidare enkeltsamtalar med huseigarar som ikkje møtte på informasjonsmøta.

Det har også vore gjennomført felles synfaring for huseigarar, kommunen og fagkonsulent, og huseigarane har medverka i beslutningar om korleis fargesettinga og skiltinga skulle gjerast. I dette arbeidet ga kommunen også tilbod til alle huseigarane om å bruke den fagleg innleigde konsulenten som rådgjevar, utan kostnad for den enkelte. Reguleringsplanen, fargeplanen og vedtekter for skilting ga rammene for arbeidet.

Kommunen har også bidrege til at innbyggjarane i bygda er blitt godt orienterte om arbeidet undervegs. I startfasen etablerte kommunen «ope kontor» i Vangsgata, der huseigarar, næringsliv og folk flest fekk informasjon og høve til å stille spørsmål. Arbeidsgruppa brukte også lokalavisa aktivt for å spreie informasjon. Etter vår vurdering har dette vore ei vellukka satsing på å spreie positiv merksemd og skape engasjement om arbeidet.

Kompetanse og menneskelige ressurser

Voss kommune har lagt godt til rette for planlegging og gjennomføring av tiltak for heilskapleg fargesetting og skiltprofil for husfasadane i Vangsgata. Etter vår vurdering har kommunen hatt ei bevisst haldning til kunnskapsutvikling og med fagleg kvalitet i botn.

Fleire ulike kommunale fagmiljø (teknisk, planfagleg, økonomisk) har vore involverte og kommunen har drege vekslar på ekstern kompetanse hjå den same fargekonsulenten som utarbeidde fargeplanen for Vangsgata. Fargekonsulenten har delteke som fagleg rådgjevar i arbeidsgruppa, noko som har bidrege til godt samarbeid mellom ekstern konsulent og lokale målarverksemder, og mellom konsulent og huseigarane. Huseigarar har bl.a brukt fargeskonsulenten som fagleg rådgjevar.

Voss kommune har også vore bevisst på å få til læring og kunnskapsoverføring lokalt, bl.a ved at huseigarane har hatt tilbod om å bruke fargekonsulenten utan kostnad, og at lokale målarfirma har teke aktivt del i sjølve gjennomføringa. Etter vår vurdering bidreg dette til større engasjement og lokalt eigarskap til fargeplanen, noko som har betydning i oppfølginga av arbeidet som no er gjort.

Også i samarbeidet mot Vossevangen huseigarlag har kommunen hatt tydelege avtalar og rammer for arbeidet, noko som etter vår vurdering har sikra god gjennomføring. I tillegg til avtalar og samarbeid med huseigarlaget, har kommunen inngått avtalar med den enkelte huseigaren. Avtalen sikrar at kvar enkelt huseigar får tilskot til arbeidet, tilsvarande 50% av totalkostnaden. Avtalane har lagt til rette for at huseigarane har planlagt framdrift og arbeidet sjølv, men innanfor rammene av prosjekt- og fargeplanen.

Kommunens rolle

Voss kommune har vore sentral initiativtakar og pådrivar for at fasadar, baldakinar og skilt i Vangsgata skal ha ei harmonisk fargesetting og profil i tråd med gjenreisingsarkitekturen som pregar tettstaden.

Etter vår vurdering har kommunen utnytta handlingsrommet som BLEST-deltakinga ga, på ein god måte. Med tilgang til eksterne midlar, tok kommunen sitt gryteklare prosjekt rett «ut or skuffa» og starta opp arbeidet. Sentrale interessentar blei involvert tidleg, både i arbeidsgruppa og gjennom orienteringsmøter. Kommunen synast også å ha hatt ei bevisst haldning til å spreie informasjon om arbeidet til folk flest.

Gjennom å involvere fleire kommunale fagmiljø og næringslivet har kommunen også bidrege til kompetansebygging i eigen organisasjon og lokalt. Det vurderer vi har vore ei styrke for gjennomføringa av arbeidet og noko kommunen og lokalsamfunnet kan dra synergiar frå i framtidig utviklingsarbeid.

Fylkeskommunens rolle

Hordaland fylkeskommune var ikkje involvert i fargesettingsprosjektet under BLEST-programmet, men har gjennom mange år bidrege i det overordna arbeidet med Vossevangen, som fargesettingsprosjektet er ein avløpar frå. Her har fylkeskommunen bidrege økonomisk og med fagleg rettleiing.

I ein generell kommentar til fargesettingsprosjektet, peikar fylkeskommunens tettstadutviklar på to sentrale moment ved tettstadutvikling generelt, som også gjeld Voss spesielt: Det eine er betydninga av ressurspersonar i utviklingsarbeid. Uavhengig av  organisering, økonomi og andre rammevilkår er vellukka utviklingsarbeid ofte knytt til personlege ressursar i prosjektet. Her har Voss hatt sentrale pådrivarar, både i kommunen og hjå sentrale samarbeidspartar.

Eit anna poeng ved fargesettingsprosjektet, var at dette passa godt til rammene og føresetnadane for BLEST-program og midlar: Arbeidet var godt planlagt, avgrensa og hadde forankring i føregåande og pågåande prosessar og arbeid. Etter fylkeskommunen si vurdering fekk BLEST-midlane her god utnytting. Dette er også oppsummeringa frå evalueringa av BLEST, som peikar på at programmet særleg har bidrege til at mindre prosjekt er vortne eller kan bli realiserte.

Målformulering

Det overordna målet, med nær kopling til miljøgateprosjektet, har vore å gjere  Voss sentrum triveleg for fastbuande og tilreisande. Folk skal ha lyst tl å bu og vera på Voss. Konkret skulle prosjektet bidra til å gjere Vangsgata kjent for harmonisk fargesetting basert på tilpassa fargebruk frå gjenreisingstida. Voss kommune definerte tre hovudtiltak:

  • Fargesetting etter fargeplanen
  • Skiltopprydding
  • Vurdere ombygging av baldakinar som treng betre tilpassing til det heilskaplege gatebiletet.

Det er soleis utarbeidd klare mål og definerte tiltak i prosjektet. Prosjektet er også del av langsiktig planlegging, aksepterte og med forankring i vedtekne reguleringsplanar, vedtekter for skiltbruk og utarbeidd fargeplan. Dette gjer det enklare å følgje opp prosjektet – ikkje minst avklare forventningar til kva mål prosjektet skal bidra til å realisere, korleis og når. Vi meiner at det godt planlagde arbeidet var ein viktig føresetnad for at kommunen raskt kunne sette i gang, då statlege midlar blei tilført.

Gjennom det forpliktande samarbeidet med Vossevangen huseigarlag og i avtalane med kvar enkelt grunneigar har kommunen også hatt god oversikt over framdrifta og oppfølging av kvar enkelt huseigar. Samstundes har kommunen lagt opp til ei fleksibel gjennomføring, der den enkelte huseigaren sjølv har vurdert når arbeidet skulle gjerast.

Dette synast å ha vore krevjande, med mykje oppfølging mot den enkelte huseigaren. Samstundes vurderer vi styringa og den tette oppfølginga som svært viktig for framdrifta, då gjennomføringa av sjølve arbeidet låg til huseigarane å gjere.

Resultat og effekt

Stadutviklingsarbeidet i Voss har føregått i fleire steg, med utgangspunkt i Miljøgateprosjektet, i perioden 2003-2007. Prosjektet med fargesetting av husfasadane og opprydding i skiltbruken i Vangsgata er no avslutta.

Vi meiner at prosjektet har hatt god måloppnåing og kan vise til fleire resultat. Dei fleste huseigarane har gått inn formelle avtalar om måling av husfasade etter vedteken fargeplan, 23 av 31 hus er måla i tråd med den vedtekne fargeplanen, lokale målarfirma har bidrege inn i arbeidet og opparbeidd ny kunnskap lokalt og det er etablert eit konstruktivt samarbeid mellom kommunen, huseigarlaget og den enkelte huseigaren.

Også BLEST-evalueringa vurderer prosjektet som vellukka, med fleire synlege resultat. Kommunen sjølv meiner at arbeidet også kan syne til auka trivsel blant folk flest og at den overordna målsettinga er nådd.

«Før låg Vangsgata tom og stille etter klokka 16. Etter opprustninga har det skjedd noko: Kafear og butikkar flyttar ut på gata og fleire arrangement blir lagt hit. Vi har fått eit levande sentrum – der folk trivast», seier Najla Zagorcic i Voss kommune.

Nyskapning og kreativitet

Bruken av brei kommunal fagkompetanse og eksterne rådgjevingsressursar er eit kjenneteikn ved stadutviklingsprosjektet på Voss. Dette har kome arbeidsgruppa, men også den enkelte huseigaren til nytte. Distriktssenteret meiner at kommunen slik har lagt til rette for  god kunnskapsutvikling, internt i kommunen og hjå lokale næringsdrivande.

Voss kommune har også vore flinke til å gripe sjangsen, då BLEST-programmet gjorde ekstern finansiering mogeleg. Kommunen sjølv peikar på at BLEST-deltakinga ga rammer, men var ikkje snevre. Noko som muleggjorde lokal tilpassing for best mogeleg resultat.

Samarbeidet og det økonomiske spleiselaget mellom Voss kommune og huseigarane blir både av kommunen sjølv og i BLEST-evalueringa trekt fram som vesentleg årsak til at prosjektet på Voss har lukkast. Med økonomiske gulrøter i botn, gjekk kommunen inn avtalar med nær alle huseigarane i Vangsgata, der huseigarane fekk tilskot til arbeidet tilsvarande 50% av den totale kostnaden. Vi meiner at kommunen her har lagt godt til rette for breitt lokalt engasjement for arbeidet og eit offentleg-privat samarbeid, til nytte for både huseigarar, kommunen og lokalsamfunnet.

«Fargesetting av fasaden i Vangsgata» er ein direkte avløpar og eit «gryteferdig», men ikkje-realisert prosjekt frå Miljøgateprosjektet på Voss i perioden 2003-2007. Då Voss kommune kom med i det statlege stadutviklingsprogrammet BLEST, nytta kommunen sjangsen og henta prosjektet «ut or skuffa» og fekk realisert arbeidet. Midlar frå BLEST var soleis avgjerande for at den siste finpussen av Vangsgata kom på plass. Distriktssenteret si kartlegging og vurdering av arbeidet baserer seg i hovudsak på informasjon gitt av kommunens kontaktpersonar, og på sluttevalueringa av programmet BLEST (Asplan Viak, 2010).

Mål og resultat

Den overordna målsettinga for stadutviklingsarbeidet har vore å gjere Voss og Vangsgata til ein trivelegare stad for buande og besøkande. Konkret skulle prosjektet bidra til å gjere Vangsgata kjent for harmonisk fargesetting basert på tilpassa fargebruk frå gjenreisingstida.

I prosjektet, som no er avslutta, er følgjande tiltak gjennomførde:

  • 23 av totalt 31 hus er no fargesette etter utarbeidd fargeplan.
  • Det er gjort ei opprydding og restaurering av skilt og reklame, etter lokale vedtekter og med tidstypisk profil.
  • Baldakinar er blitt restaurerte i tråd med faglege råd

Slik vi vurderer det, er måla for prosjektet nådde. Arbeidet synast også å ha skapt lokalt engasjement og eigarskap til fargeplanen. Vi meiner at det her er etablert ein verdifull samarbeidsplattform mellom kommunen, grunneigarar og det lokale næringslivet.

Prosess

BLEST-deltakinga var utløysande for at fargesettingsprosjektet kom i gong og blei realisert. Fokuset i programmet har også sett naturleg retning for korleis arbeidet på Voss blei lagt opp, der kommunen har hatt ei bevisst haldning til betydninga av brei medverknad og lokal kunnskapsutvikling. Vi meiner dette har vore avgjerande for det lokale engasjementet og offentleg-private spleiselaget som blei etablert, og som i sin tur gjorde til at Vangsgata no framstår med ein harmonisk heilskap i fargar og skiltprofil.

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner at stadutviklingsprosjektet på Voss er eit godt døme på korleis brei medverknad og forpliktande samarbeid mellom kommune, grunneigarar og lokalt næringsliv kan utløyse lokalt engasjement og bidra til at lokale tiltak blir realiserte, til nytte for alle.

Prosjektet illustrerer også at eksterne midlar kan spele ei heilt avgjerande rolle for om arbeidet kjem i gong eller ikkje. På Voss bidrog BLEST-midlane til at kommunen kunne legge økonomiske gulrøter i botn og slik få til god oppslutning frå huseigarane.

Kartlegginga vi har gjort syner også at kommunen kan spele ei sentral rolle m.o.t kunnskapsutvikling lokalt. Den enkelte huseigaren fekk tilbod om å nytte seg av den eksterne fagkonsulenten i prosjektet, utan kostnad. Vi meiner at Voss kommune her gjorde eit godt grep i si rolle som lokal samfunnsutviklar.

Vegen vidare

Prosjektet er no avslutta og stort sett også ferdigstilt. Slik BLEST-evalueringa peikar på, kan det vere nyttig å vende tilbake til prosjekta etter ei viss tid, for å vurdere mogelege effektar over tid. Fargesettingsprosjektet på Voss har vore eit avgrensa signalprosjekt og ei evt. oppfølging bør sjå stadutviklingsarbeidet på Voss i ein større samanheng. Dette konkrete fargesettingsprosjektet vil ikkje bli følgd av Distriktssenteret vidare.